KASPER - Portefølje - opprette nytt studieprogram - Kunnskapsbasen
KASPER - Portefølje - opprette nytt studieprogram
Denne wikien skildrar korleis ein opprettar nye studieprogram i KASPER.
English version: KASPER - Study Portfolio - Create New Study Programme
Samleside for KASPER-ressursar | Temaside om utvikling av studieportefølje | Sider merka med KASPER
Kom i gang
Logg inn i KASPER ved å klikke på «Logg inn»-knappen under.
Lenka sender deg til sida for utvikling av programporteføljen. Dette svarar til å gå til startsida i KASPER og klikke «Studieprogramportefølje» -> «Opprette studieprogram».
Sida du kjem til lister alle studieprogram som er under oppretting. Herifrå kan du starte opprettinga av eit nytt program eller fortsetje ei oppretting som er påbegynt.
Setje i gang oppretting av nytt studieprogram
For å setje i gang opprettinga av studieprogram klikkar du på «+Ny».
Då kjem du til eit skjema der noko grunnleggande informasjon må leggast inn for å setje i gong søknadsprosessen. De obligatoriske felta (merka med *) inkluderer «Vertsfakultet», «Vertinstitutt», eit «arbeidsnamn», dvs. midlertidig namneforslag til studieprogrammet, «Planlagt oppstartsår», «Programmets studienivå», «Porteføljekoordinator» og «Vitenskapleg ansvarleg», medan «ePhorte-saksmappenummer» og «Bidragsytere» kan vente til seinare. Når alle felta er fylt inn klikkar du «Lagre», og du blir sendt til arbeidsflata for søknadsprosessen.
Fortsetje oppretting
For å fortsetje oppretting markerer du det aktuelle programmet (1) og «Åpne» (2).
Arbeidsflate for søknadsprosessen
Arbeidsflata for søknadsprosessen består av ei rekke faner der ulike typar informasjon skal registrerast.
Under «Administrasjon» (1) ligg den grunnleggande administrative informasjonen vart fylt inn ved oppstart av prosessen, som skildra i avsnittet over. Her kan ein gjere endringar undervegs ved behov.
Fanen «Søknad» (2) blir brukt til å skrive tre dokument.
- Eit førehandsvarsel om oppretting som skal leverast innan 1.februar, aka. «Trinn I».
- Sjølve søknaden om oppretting av studieprogram, aka. «Trinn II», som skal leverast innan 1. juni.
- Eit oppsummerande dokument som vert nytta til rektorvedtak.
For alle tre dokument får ein generert eit Word-dokument med mal inni arbeidsflata.
Dei resterande fanene under «Trinn I og II» (3) blir brukt til å utarbeide og registrere all informasjon som skal inkluderast i søknaden. Denne informasjonen blir automatisk lagt ved i søknadsdokumentet.
Den siste fana, «Innmeldingsinformasjon» (4) samlar all informasjon som skal registrerast i FS ved endeleg oppretting av studieprogrammet.