Wikier

KASPER -...

KASPER - Portefølje - Legge ned studieprogram

Denne wikien skildrar korleis ein legg ned studieprogram i KASPER.

English version: KASPER - Study Portfolio - Discontinue Study Programmes

Samleside for KASPER-ressursar|Temaside om studieportføljeutvikling |Sider merka med KASPER

Kom i gang

Logg inn i KASPER ved å klikke på «Logg inn»-knappen under.
Logg inn

Lenka sender deg til sida for nedlegging av studieprogram. Dette svarar til å gå til startsida i KASPER og klikke «Studieprogramportefølje» -> «Nedlegge studieprogram».
Ikon for sida på KASPER
Sida du kjem til lister alle studieprogram som er under nedlegging. Herifrå kan du setje i gang nedlegginga av eit nytt program, eller forsetje ei nedlegging som er påbegynt.

Setje i gang nedlegging av studieprogram

For å setje i gang nedlegginga av studieprogram klikkar du på «+Ny».
Ny-knappen er markert

Du kjem då til eit skjema der noko grunnleggande informasjon må leggast inn for å setje i gang prosessen. Du begynner med å velje kva program som skal leggast ned i den øvste nedtrekksmenyen. Kva fakultet programmet høyrer til og kven som er noverande studieprogramleiar vil då automatisk leggast til. Videre må alle felta som er merka med stjerne fyllast ut – «Siste opptaksår», «Siste opptakstermin», «Siste undervisningsår», «Siste undervisningstermin» og «Porteføljekoordinator»

Skjermbilde av feltene som må fylles ut

Fortsetje nedlegging

For å fortsetje ei nedlegging markerer du det aktuelle programmet (1) og klikkar «Åpne» (2).Skjermbilde som viser hvordan man åpner et studieprogram

Arbeidsflate for søknadsprosessen

Arbeidsflata for søknadsprosessen består av nokre faner der ulike typar informasjon skal registrerast.

Under Administrasjon (1) ligg den grunnleggande informasjonen som vart fylt inn ved oppstarten, som skildra i avsnittet over. Det er mogleg å gjere endringar her undervegs.

Neste trinn er fanen «Forhåndsvarsel» (2). Her skriv ein eit førehandsvarsel om nedlegging som skal leverast til rektor innan 1. februar.

Fanen «Søknad» (3) blir brukt til å skrive to dokument:

  1. Sjølve søknaden om nedlegging av studieprogrammet. Denne har frist 1. april for forvaltningsutvalg, 1. juni for fakultet.
  2. Eit oppsummerande dokument som vert nytta til rektorvedtak.

For alle dokument får ein generert eit Word-dokument med mal, som ein kan jobbe med i direkte i arbeidsflata.

I den fjerde fana – «Filer» (4) - kan ein laste opp dokumenter eller lenke til datagrunnlag frå andre nettsider.

Den siste fana, «Innmeldingsinformasjon» (5), samlar all informasjon som skal registrerast i FS ved endeleg nedlegging av studieprogrammet.Skjermbilde av arbeidsflaten. Fanene er markert med nummer.

Sjå òg

Kontakt