Wikier

KASPER -...

KASPER - FAQ - ofte stilte spørsmål

Denne wikien listar ei rekkje ofte stilte spørsmål om KASPER, med tilhøyrande svar. Trykk på tema-boksane under for å finne svar på det du lurer på.

Dersom det du lurer på er meir omfattande enn det som er dekka under, kan det vere lurt å sjekke wikiene våre om KASPER, som du kan finne lenker til på denne samlesida.

For meir informasjon om kvalitetsarbeidet generelt, sjå temasida for Utdanningskvalitet ved NTNU.

English version - KASPER - FAQ

Referansegrupper

Eg finn ikkje teamet mitt

Oppretting av team kan ta opp til og med 3 dagar, grunna tråleik hjå Microsoft. Dersom det er meir enn 3 dagar sidan du oppretta Teamet ditt, ta kontakt med kontaktperson for KASPER ved ditt institutt.

Studentane er ferdig å skrive rapport, men eg får ikkje publisert den

For at du (som emneansvarleg) skal kunne publisere den publiserte rapporten i Teams må studentane ha sendt den inn fyrst. Dette gjer dei gjennom prosesstøttefana.

Studentane har sendt inn feil fil som referansegrupperapport

Referansegruppe-teamet må då stilles tilbake før dei kan levere rapporten på nytt. Send inn sak til NTNU Hjelp.

Eg har trykka publiser i Teams, men referansegrupperapporten blir ikkje lasta opp til emnerapporten.

Dette kan skje dersom emnerapporten har blitt publisert før referansegrupperapporten. Det du kan gjere då er å avpublisere emnerapporten, og deretter anten publisere referansegrupperapporten på nytt eller laste den som datagrunnlag manuelt.

Eg ønsker å gje nokon andre eigarskap for referansegruppeteamet mitt

Du som emneansvarleg kan legge til ein person som emne-/rapportansvarleg i emnerapportmodulen i KASPER. Den du legge til der vil bli lagt til som eigar i referansegruppeteamet ditt. NB: kun ein person kan legges til som emne-/rapportansvarleg.

Eg vil legge til/fjerne/bytte ut studentar i referansegruppeteamet

Dette gjer du enkelt ved å bruke «Prosesstøttefana» i Teamet. Der kan du søke opp, legge til, og fjerne studentar. Jamfør wikien om oppretting av referansegruppe. NB: Ikkje bruk Teams sin standard-funksjon for å legge til eller fjerne studenter. Då vil ikkje endringane fylgje med i KASPER.

Eg forsøker å lage referansegruppeattest til studentane, men eg finn dei ikkje i KASPER.

Dette er gjerne grunna at dei har blitt lagt til referansegruppa på feil måte. Sjå spørsmålet over.

Emnerapporten

Eg klarer ikkje laste opp datagrunnlag (referansegrupperapport, etc) i emnerapporten

Viss du allereie har publisert emnerapporten vil du ikkje kunne laste opp fleire datagrunnlag. Det du gjer då er å avpublisere emnerapporten, og deretter laste opp det du vil ha med som datagrunnlag manuelt.

Det er òg mogleg du har lesetilgong til rapporten, men ikkje redigering. Dersom du er instituttaminstrator kan du legge deg sjølv til som bidragsyter eller rapportansvarleg for rapporten. Ellers går det an å be emneansvarleg om å legge deg til. NB: For at du skal kunne publisere (eller avpublisere) rapporten, må du legges til som «Emne-/rapportansvarleg».

Eg har brukt annen studentevaluering enn referansegrupper, men den vises ikkje saman med emnerapporten i studiekvalitetsportalen.

Det kan skuldes at «annen studentevaluering» ikkje har blitt registrert for emnet i KASPER. Dette kan du enkelt gjere i ettertid, såframt det ikkje har vore oppretta vanleg referansegruppe allereie. Jamfør wikien om annen studentevaluering.

Tilganger

Eg ønsker tilgang til KASPER

Dersom du trenger tilgang til KASPER for å gjere arbeid på emnenivå, ta kontakt med ditt institutt sin KASPER-kontakt. Dersom du skal arbeide på studieplan- eller programnivå, ta kontakt med fakultetet sin KASPER-kontakt. I begge tilfeller kan du finne kven som er din nærmaste kontaktperson i wikien KASPER - kontaktpersoner.

 
Eg får ikkje logga inn på KASPER sine sider i det heile tatt.

Sjekk at du bruker NTNU-innlogginga di gjennom FEIDE. Dersom det er denne innlogginga som ikkje fungerer, send inn sak til NTNU Hjelp.

Eg (emneansvarleg) finn ikkje emnet mitt i KASPER

Det er mogleg at emnet ikkje har blitt importert frå FS. Sjekk gjerne med din lokale KASPER-kontakt om dei har same problemet. Ellers send inn sak til NTNU Hjelp.

Kan eg logge på KASPER utanfor NTNU sitt nett?

Ja, verktøyet ligg i Office365, og er tilgjengeleg utan VPN.

Anna/Diverse

Eg ser ikkje heile listevisninga i KASPER

Dette er ofte grunna at KASPER ikkje skalerer bra til små skjermvisningar. Løysinga er som regel å sette nettleseren i fullskjerm eller å zoome ut. Zoome ut kan gjøres ved å halde CTRL (Command på Mac) og scrolle med musehjulet, eller å trykke på forstørringsglaset oppe til høgre i nettlesaren.

Eg ser ikkje alle kolonnene i KASPER

For å scrolle bortover kolonnene, scroll fyrst heilt nederst på lista. Der vil det då dukke opp eit rullefelt som du kan bruke til å scrolle sidelengs.

Kva nettlesar burde eg bruke?

KASPER er testa i Chrome, Edge, Firefox og Safari. Dersom du opplever problemer med nettlesaren kan du lese meir i wikien om nettleser støtte ved NTNU. Me anbefaler ikkje å bruke nettbrett eller mobil til å bruke KASPER. Jamfør spørsmåla om visning over.

Blir det halde kurs i bruk av KASPER?

Kurs kan bestillast frå Avdeling for utdanningskvalitet gjennom NTNU Hjelp.

Sjå òg:

Kontakt: