Wikier

KASPER -...

KASPER - Opprette referansegrupper

Denne wikien skildrar korleis du som emneansvarleg opprettar referansegrupper i KASPER, og korleis du kan administrere medlemmane i Teamet etter det er oppretta. Me har òg ein Panopto-video som dekker same tema.

English version - KASPER - Create Reference Group

Hugs at ved minimum kvar tredje gjennomføring av emnet skal det hentast inn tilbakemelding frå alle emnets studentar for å sikre at informasjonsgrunnlaget er representativt. Les meir om dette i NTNUs kvalitetssystem for utdanning.

Dersom du ønsker å bruke ei anna form for studentmedverknad kan du lese wikien om korleis du registrerer anna studentevaluering.

NB: Har du allereie oppretta referansegruppe i verktøyet, er det ikkje mogleg å registrere anna studentevaluering i ettertid.

Samleside for KASPER-ressursar | Referansegrupper for studenter

Kom i gang - Opprette referansegruppe

  1. Logg inn i KASPER ved å klikke på lenka under:

    Logg inn
    Du blir sendt til sida som lister alle emna du er emne- eller rapportansvarleg for. Dette svarar til å begynne på startsida i KASPER og klikke på «Emneevaluering» -> «Starte studentevaluering».
    Bilde viser flisen "Starte studentevaluering" rammet inn i rødt.
  2. Her vil du få opp ei liste med emner der du har rolle som emneansvarleg. Emna er sortert i faner etter startsemester (1). For kvart emne vil du kunne sjå om alternativ studentevaluering (2) eller referansegruppe (3) er oppretta, samt kva som er status for gjennomføringa av referansegruppe (4). Klikk på det emnet du ynskjer å opprette referansegruppa for.
    Bilde viser oversiktssiden, med piler som indikerer 1) Semesterfanene emnene er sortert under, 2) Kolonnen som viser om annen studentevaluering er registrert, 3) kolonnen som viser om referansegruppe er opprettet, og 4) kolonnene som viser status for gjennomføring av referansegruppe
  3. Dette opnar ei side til høyre. Her vel du fyrst "Referansegruppe" frå nedtrekksmenyen.
    Bilde viser korleis velge referansegruppe frå nedtrekksmenyen
  4. Deretter fyller du inn medlemmar (1), vel mal, dvs. språk, for rapporten (2) og til slutt klikkar du «Opprett referansegruppe» (3). Når du legg til studentene kan du anten søkje dei opp etter namn, eller etter student-e-postadresse. Adressene har forma brukernavn @ stud.ntnu.no. Merk at du ikkje treng legge til deg sjølv.Bilde viser feltene man fyller inn ved oppretting av referansegruppe. 1) Legge til medlemmer, 2) velg språk for rapporten, og 3) klikk "opprett referansegruppe".
  5. Etter du har klikka «Opprett referansegruppe» vil du få varsel på e-post når teamet er oppretta. Når det er oppretta vil alle du har lagt til som medlem få beskjed via e-post. Det vil no ligge tilgjengeleg i teams-lista di, og du er står som eigar av det. Teamet vil ha namn på forma «REFGRP-EMNEKODE_ÅR_SEMESTER».
  6. Bilde av oppsettet i Microsoft Teams. En pil peker på referansegruppen som har blitt opprettet, og ligger nederst i til venstre.

Ein alternativ måte å finne fram til teamet er å bruke direktelenke frå KASPER, ved å klikke på emnet og fylgje lenka som no har dukka opp over medlemslista.

Bilde viser lenken "Åpne i teams" uthevet i blått,rett over "medlemmer" i opprettelsesmenyen.

Legge til/fjerne medlem

Dersom du har behov for å endre medlemmane i referansegruppa etter at den er oppretta, må dette gjerast i prosesstøttefana. Klikk på «Rediger medlemmer» (1). Då vil du få opp ein meny til høgre der du kan søke etter personar (2) og velje «Legg til» (3). For å fjerne eit eksisterande medlem, klikk på namnet deira og vel «Fjern» (4).

NB: Viss du prøver å endre medlemmane gjennom den vanlege Teams-menyen vil ikkje endringa fylgje med til KASPER. Ein konsekvens av dette kan vere at du ikkje får til å bruke KASPER til å skrive ut bekrefting til studenten.

Bilde viser stegene for å endre medlemmene i gruppen, med piler som indikerer 1) Hvor du velger "Rediger medlemmer", 2) hvor du søker etter medlemmer du vil legge til, i menyen som dukker opp til høyre, 3) hvor du tyrkker "legg til" 4) hvor du trykker "fjern" for å fjerne medlemmer du har markert.

Sjå òg

Kontakt