KASPER - Referansegrupper for studenter - Kunnskapsbasen
KASPER - Referansegrupper for studenter
Denne brukarrettleiinga viser korleis du som student deltek i referansegrupper i KASPER. For studentar er dette ein prosess som hovudsakleg finn stad i Microsoft Teams. Vil du vite meir generelt om kvifor me har referansegrupper kan du lese Kvalitetssystem for utdanning sin wiki Referansegruppe - for studenter eller sjå vår nye introduksjonsvideo (1min40s).
English version - Reference group tool - for students
Sjå videoen: Hjelp! Vi har meldt oss på referansegruppe (2min15s)
Samleside for KASPER | Sider merket med "KASPER"
Innholdsfortegnelse [-]
Kom i gong
- Når emneansvarleg har oppretta referansegruppe og lagt til medlemmar vil gruppa få eit eige rom i Microsoft Teams. Medlemmane får då invitasjon på e-post.
- Om du ikkje allereie har lasta ned Teams på din datamaskin eller telefon, kan du gjere det via Office365-siden på Innsida. Klikk på nedtrekksmenyen «For studenter» (1) oppe til venstre, og vidare på «Office 365» (2).
- Klikk vidare på ikonet for «Teams».
- Då vil en ny fane opna seg, der du vil få valet mellom å laste ned appen (1) eller å fortsetje i nettlesar (2). Du har full funksjonalitet sjølv om du vel å fortsetje i nettlesar.
Referansegruppa i Teams
I denne delen får du innføring i korleis du jobbar med referansegruppa i Teams. Dersom du aldri har brukt Microsoft Teams kan du lese meir på våre wikisider om Office 365 - Teams.
- Teamsrommet vil ha eit standardoppsett av faner. Dersom vindauget du jobbar i er for smalt til å vise alle fanane på ein gong, trykker du der det står «x antall til».
- Dei forskjellige fanene er som fylgjer:
- Innlegg: Denne fana er eit samtalevindauge som er ope for alle i gruppa. Her kan du stille spørsmål og diskutere med faglærer og dei andre gruppemedlemma.
- Filer: Her finn du alle filer som er knytt til referansegruppa, blant anna malen for rapporten, og du vil ha moglegheit til å laste opp og ned filer til bruk i arbeidet.
- Registrer avvik: Denne fana sender deg til «Si fra!»-sida på Innsida, der du finn informasjon om registrering av «avvik» som ikkje er knytt til den faglige utføringa av emnet. Dette kan til dømes vere brot på HMS-regler, etiske normer, eller diskriminering og trakassering. Slike tilfelle skal ikkje vere med i referansegrupperapporten, men heller verte registrert i dette avviksskjemaet.
- Referansegrupperapport: Denne fana kan brukast til å samskrive i rapportmalen, uavhengig av kor de sit. Denne fila er den same som ligg under «Filer».
Slik ser referansegruppemalen ut på nynorsk eller bokmål. - Les om referansegruppe: Denne fana sender deg til Kvalitetssystem for utdanning sin wiki, som inneheld generell informasjon om referansegrupper og korleis arbeidet skal gjennomførast.
- Om emnet: Her blir du sendt til emnet sin side på ntnu.no.
- Prosesstøtte: Denne fana skal du bruke til levere den endelige referansegrupperapporten. Her finn du òg ein oversikt over alle medlemmane i referansegruppeteamet. Dersom du ikkje får tilgang til fana, ta kontakt med emneansvarleg/faglærar, slik at dei kan aktivere den.
Levere rapport
Når rapporten er ferdigskrive skal den leverast gjennom prosesstøttefana (1). Her klikkar du på «Send rapport til emneansvarlig» (2). Da vil det dukke opp en meny til høyre der du velger rapportfila (3), og klikkar «Send til emneansvarlig» (4). Emneansvarleg vil då få e-post om at rapporten er levert, og får moglegheita til å publisere den. NB: Når emneansvarleg publiserar rapporten vil teamet bli lagt ned.
Offentlegheitsvurdering
- Dersom emneansvarleg meiner at rapporten inneheld personsensitiv informasjon, eller tar opp avvik som ikkje er relatert til den faglege utføringa av emnet, kan dei velje å sende rapporten til ei offentlegheitsvurdering.
- Alle fakultet skal ha ein vurderingskomite for referansegrupperapporter som tek hand om slike saker. Inntil dette er på plass kan slike førespurnadar rettast mot fakultetskontakt for KASPER.
- Vurderingskomiteen handterer feil og endringer utenfor verktøyet, i dialog med studentane om nødvendig. Dersom vurderingskomiteen finn at innhaldet ikkje er eigna for offentleggjering, blir rapporten arkivert og unntatt offentligheita. Dersom ein ynskjer innsyn i ein arkivert rapport, må ein utferde eit innsynskrav.