KASPER - Portefølje - Endring av opptakskrav - Kunnskapsbasen
KASPER - Portefølje - Endring av opptakskrav
Denne wikien skildrar korleis bruke porteføljemodulen i KASPER til å foreslå endringar i opptakskrava til eit studieprogram.
Samleside for KASPER-ressursar | Temaside om utvikling av studieportefølje
Kom i gang
Logg inn i KASPER ved å klikke på «Logg inn»-knappen under:
Knapppen sender deg til sida for utvikling av studieprogramporteføljen. Dette svarer til å gå til startsida i KASPER og klikke «Studieprogramportefølje» og «Endring av opptakskrav».
Sida du kjem til her listar alle søknadar om programfritak som er påbegynt. Herifrå kan du starte ein ny søknad, eller huke av ein eksisterande søknad og klikke «Opne» eller «Slett» (sjå piler).
Opprett forslag om endring av opptakskrav
Når du klikkar «+Ny» får du opp eit skjema som må fyllast ut. Huk av for «ikke-vesentlig endring» (sjå pil) dersom endringen du ynskjer å gjere berre skal tydleggjere eksisterande krav eller rette feil i den noverande teksten. Då får forslaget ei forenkla godkjenningssløyfe. Dersom endringa i opptakskrav vil ha ei vesentleg påverking på opptaket, huker du ikkje av her. Bruk deretter nedtrekksfeltet under til å velje kva studieprogram forslaget gjeld.
Når du har vald studieprogram er det nokre obligatoriske felt - merka med asterisk (*) - som må fyllast inn før forslaget kan lagrast. Du må skildre det nye opptakskravet både på norsk (1) og engelsk (2), og grunngje kvifor endringa er ønska (3). Lagreknappen nede til høgre blir aktivert når dei obligatoriske felta er fylt inn. Dersom du er usikker på rammer og rutinar for endring av opptakskrav, kan du lese meir om det i eigen wiki.
Hugs å huke av «Tilknyttet forvalingsutval» dersom søknaden skal behandlast av FUI, FUL eller FUS (sjå pil). Dette er derimot ikkje obligatorisk for å opprette søknaden, og du kan huke av her etter du er ferdig med opprettinga.
Send søknaden til vurdering og godkjenning
Når søknadsskjema er lagra kan det sendast til vurdering og godkjenning. Dersom studieprogrammet er knytt til eit forvaltingsutval, består denne vurderingssløyfa av tre steg: 1. Fakultetets vurdering -> 2. Forvaltingsutvalet sin vurdering -> 3. Opptaksenheten sin vurdering, og 4. Fakultetets godkjenning. Dersom studieprogrammet *ikkje* ikkje er knytt til eit forvaltingsutval vil du sleppe steg 2.
Når du klikker «Send til fakultetet (porteføljekoordinator)», får du opp ein meny på høgresida, kor du fylgjer inn namnet på den som skal vurdere søknaden. Som regel har fakulteta ein porteføljekoordinator som behandlar alle slike søknadar. Dersom du er usikker på kven som er ditt fakultet sin koordinator, sjå denne wikien om kontaktpersonar i KASPER.
Når fakultet/forvaltingsutval har vurdert søknaden vil du få eit varsel på e-post, og finne eventuell kommentarer frå dei i tekstfelta nedst på søknadssida. Du har då moglegheita til å gjere endringar i søknaden før du sender den videre til neste steg i godkjenningssløyfa.
For den som skal vurdere søknaden for fakultetet/forvaltingsutval/etc.
Når søknadsforfatter sender søknaden til vurdering, vil du få varsel på e-post. Denne e-posten inkluderer ei lenke som tar deg direkte til søknaden. Her kan du lese gjennom søknaden, og fylle inn din vurdering i det relevante tekstfeltet nederst på sida.
Tekstfeltet du skal bruke vil vere det einaste du får til å skrive i, men det er òg tydeleg merka med ei overskrift over til venstre (sjå pil på bilete). Når du er ferdig, og vil sende vurderinga tilbake til forslagsstiller, klikkar du den store blå knappen under til høgre for tekstfeltet.
For saksbehandler for opptaksenheten
Når forslag blir sendt til vurdering eller godkjenning hos opptaksenheten kjem varselet i TopDesk i staden for på e-post. De vil bli bedt om å vere innom eit forslag to gonger: fyrst for å gjere ei vurdering av forslaget med moglegheit å kommentere. Når du sender denne kommentaren tilbake til forslagsstiller (som vist over) har dei moglegheit til å justere forslaget før endeleg godkjenning hos fakultetet (1).
Etter godkjenninga frå fakultetet blir de bedt om å setje verknadstidspunkt (2), og sende bestilling om endeleg endring til FS-gruppa (3).
Sjå òg
- KASPER - Portefølje - Søke om navneendring
- KASPER – Portefølje – Søke om programfritak fra fellesemner
- KASPER - FAQ
- Retningslinjer i kvalitetssystemet for utdanning