KASPER - Portefølje - Søke om programfritak fra fellesemner - Kunnskapsbasen
KASPER - Portefølje - Søke om programfritak fra fellesemner
Denne wikien skildrar korleis bruke porteføljemodulen i KASPER til å søke om programfritak frå fellesemne.
Samleside for KASPER-ressursar | Temaside om utvikling av studieportefølje
Kom i gang
Logg inn i KASPER ved å klikke på «Logg inn»-knappen under:
Knapppen sender deg til sida for utvikling av studieprogramporteføljen. Dette svarer til å gå til startsida i KASPER og klikke «Studieprogramportefølje» og «Programfritak: fellesemner».
Sida du kjem til her listar alle søknadar om programfritak som er påbegynt. Herifrå kan du starte ein ny søknad, eller huke av ein eksisterande søknad og klikke «Opne» eller «Slett» (sjå piler).
Opprett søknad om programfritak
Når du klikker «+Ny» får du opp eit skjema som må fyllast ut. Mesteparten av felta i dette skjemaet er obligatoriske for at du skal få lagra søknaden, og er merka med asterisk (*).
- Fyrst klikkar du dei to øvste nedtrekksmenyane for å velje kva fellesemne søknaden gjeld, og om det aktuelle studieprogrammet eksisterer no eller er under oppretting.
- So bruker du neste nedtrekksfelt til å velje kva studieprogram søknaden gjeld.
- Deretter vel du kva undervisningstype studieprogramma nyttar (1), om det har hatt programfritak tidlegare (2), og kva vurderingskriterier som skal leggast til grunn for søknaden (3). Når du har huka av for dei aktuelle vurderingskriteriene dukkar eit tekstfelt opp kor du skal skrive ein begrunnelse (4). Til sist er det eit tekstfelt kor du skal dokumentere søknadsgrunnlaget (5). Når alle obligatoriske felt er fylt ut vil lagreknappen nedst til høgre bli aktiv (6).
Hugs å huke av «Tilknyttet forvalingsutval» dersom søknaden skal behandlast av FUI, FUL eller FUS (sjå pil). Dette er derimot ikkje obligatorisk for å opprette søknaden, og du kan huke av her etter du er ferdig med opprettinga.
Send søknaden til vurdering og godkjenning
Når søknadsskjema er lagra kan det sendast til vurdering og godkjenning. Dersom studieprogrammet er knytt til eit forvaltingsutval, består denne vurderingssløyfa av tre steg: 1. Fakultetets vurdering -> 2. Forvaltingsutvalet sin vurdering -> 3. Fakultetets godkjenning. Dersom studieprogrammet *ikkje* ikkje er knytt til eit forvaltingsutval, kan du gå rett til steg 3.
Når du klikker «Send til fakultetet for vurdering», får du opp ein meny på høgresida, kor du fylgjer inn namnet på den som skal vurdere søknaden. Som regel har fakulteta ein porteføljekoordinator som behandlar alle slike søknadar. Dersom du er usikker på kven som er ditt fakultet sin koordinator, sjå denne wikien om kontaktpersonar i KASPER.
Når fakultet/forvaltingsutval har vurdert søknaden vil du få eit varsel på e-post, og finne eventuell kommentarer frå dei i tekstfelta nedst på søknadssida. Du har då moglegheita til å gjere endringar i søknaden før du sender den videre til neste steg i godkjenningssløyfa.
For den som skal vurdere søknaden for fakultetet/forvaltingsutval
Når søknadsforfatter sender søknaden til vurdering, vil du få varsel på e-post. Denne e-posten inkluderer ei lenke som tar deg direkte til søknaden. Her kan du lese gjennom søknaden, og fylle inn din vurdering i det relevante tekstfeltet nederst på sida.
Tekstfeltet du skal bruke vil vere det einaste du får til å skrive i, men det er òg tydeleg merka med ei overskrift over til venstre (sjå pil på bilete). Når du er ferdig, og vil sende vurderinga tilbake til søknadsforfatter, klikkar du den store blå knappen under til høgre for tekstfeltet.
Sjå òg
- KASPER - Portefølje - Søke om navneendring
- KASPER - Portefølje - Endring av opptakskrav
- KASPER - FAQ
- Retningslinjer i kvalitetssystemet for utdanning