Wikier

KASPER -...

KASPER - Portefølje - Søke om navneendring

Denne wikien skildrar korleis bruke porteføljemodulen i KASPER til å søke om namneendring på studieprogram.

Samleside for KASPER-ressursar | Temaside om utvikling av studieporteføljen

Kom i gang

Logg inn i KASPER ved å klikke på «Logg inn»-knappen under:

Logg inn

Knapppen sender deg til sida for utvikling av studieprogramporteføljen. Dette svarer til å gå til startsida i KASPER og klikke «Studieprogramportefølje» og «Søke om navneendring».

Sida du kjem til her listar alle søknadar om namneendring som er påbegynt. Herifrå kan du starte ein ny søknad, eller huke av ein eksisterande søknad og klikke «Opne» eller «Slett».

Opprett søknad om navneendring

Når du klikker «+Ny» får du opp eit skjema som må fyllast ut. Du starter med å fylle inn kva studieprogram søknaden gjeld. I feltet kan du søke på studieprogramkode, og/eller rulle nedover lista.

Når du har vald studieprogram vil ein rekke tekstfelt dukke opp. Her må du fylle inn dei obligatoriske felta – som er merka med asterisk (*) – før du får lagra søknaden.

  1. Den fyrste valet du kjem til er å huke av for om studieprogrammet er knytt til eit forvaltingsutval. Dette feltet er ikkje obligatorisk for å opprette søknaden til å begynne med, men må hukast av dersom eit forvaltingsutval skal vurdere søknaden.
  2. Det er obligatorisk å fylle inn nye namneforslaget på tre språk: bokmål, nynorsk og engelsk.
  3. Det er obligatorisk å skrive ei grunngjeving for forslaget, som må ta utgangspunkt i retningslinjene for kvalitetssystemet.
  4. Det er obligatorisk å foreslå kva år og semester du meiner endringa skal ta effekt frå.
  5. Lagreknappen blir aktivert når alle dei obligatoriske felta er fylt inn. Dersom du ønsker å opprette søknaden før du veit kva som skal stå i alle felta, går det an å berre fylle inn noko midlertidig tekst.

Send søknaden til vurdering og godkjenning

Når søknadsskjema er lagra kan det sendast til vurdering og godkjenning. Dersom studieprogrammet er knytt til eit forvaltingsutval, består denne vurderingssløyfa av tre steg: 1. Fakultetets vurdering -> 2. Forvaltingsutvalet sin vurdering -> 3. Fakultetets godkjenning. Dersom studieprogrammet *ikkje* ikkje er knytt til eit forvaltingsutval, kan du gå rett til steg 3.

Når du klikkar «Send til fakultetet for vurdering», får du opp ein meny på høgresida, kor du fylgjer inn namnet på den som skal vurdere søknaden. Som regel har fakulteta ein porteføljekoordinator som behandlar alle slike søknadar. Dersom du er usikker på kven som er ditt fakultet sin koordinator, sjå denne wikien om kontaktpersonar i KASPER.

Når fakultet/forvaltingsutval har vurdert søknaden vil du få eit varsel på e-post, og finne eventuell kommentarer frå dei i tekstfelta nedst på søknadssida. Du har då moglegheita til å gjere endringar i søknaden før du sender den videre til neste steg i godkjenningssløyfa.

For den som skal vurdere søknaden for fakultetet/forvaltingsutval

Når søknadsforfatter sender søknaden til vurdering, vil du få varsel på e-post. Denne e-posten inkluderer ei lenke som tar deg direkte til søknaden. Her kan du lese gjennom søknaden, og fylle inn din vurdering i det relevante tekstfeltet nederst på sida.

Tekstfeltet du skal bruke vil vere det einaste du får til å skrive i, men det er òg tydeleg merka med ei overskrift over til venstre (sjå pil på bilete). Når du er ferdig, og vil sende vurderinga tilbake til søknadsforfatter, klikkar du den store blå knappen under til høgre for tekstfeltet.

Sjå òg

Kontakt