Wikier

Endring av opptakskrav til studieprogram

Denne sida beskriv rammer og rutinar for endring av opptakskrav for studietilbod ved NTNU. Rutineskildringa blir lagd til grunn når vertsfakultetet ønskjer å endre opptakskrav for eit eksisterande studieprogram.

Porteføljemodulen i KASPER har funksjonalitet for endring av opptakskrav. Der kan relevante bidragsytarar koplast inn, og sørgje for ei mest mogleg samla vurdering og kvalitetssikring av den ønskte endringa og verknadstidspunktet.


Rammer og prosedyre

Opptakskrav skal komme fram av studieplanen til studieprogrammet, jf. 4.2 i Porteføljeveilederen og 4.1.8 i Studieplanveilederen. Forkunnskapskrav for enkeltemne er spesifiserte i emneskildringa. Sjå § 18 i Forskrift om opptak til studium ved NTNU.

Endringar av opptakskrav skal skje i tett dialog med Opptakseininga i Avdeling for utdanning.


Grunnutdanningar

Opptak til grunnutdanningar er regulert av Forskrift om opptak til høgare utdanning.

Med grunnutdanning siktar ein til studietilbod som normalt byggjer på vidaregåande opplæring, og som ikkje byggjer på eller har anna høgare utdanning som del av opptakskravet.

Fakultet som ønskjer endring i opptakskrav for grunnutdanning, må utarbeide og sende forslag til endringar via KASPER seinast 1. februar.

Opptakseininga vurderer forslaget og utarbeider søknad til Kunnskapsdepartementet (KD). For å sikre ein god prosess blir fakultetet oppmoda til å ta kontakt med opptakseininga i god tid før innmeldingsfristen. NTNU har frist 1. mars for å sende søknad til KD.

Endring av opptakskrav til grunnutdanningar, inkludert verknadstidspunkt, blir fastsett av KD i samsvar med Kunnskapsdepartementet sin opptakskalender. Endringar kan tidlegast få verknad frå året etter at dei er fastsette.

Døme: Fakultetet ønskjer å endre opptakskravet for eit av grunnstudiane sine, og legg dette inn i KASPER innan 1. februar 2025. Opptakseininga vurderer saka, og rektor bestemmer at NTNU skal sende ein søknad til KD innan fristen 1. mars 2025. KD behandlar søknaden, og vedtek nytt opptakskrav for det aktuelle studietilbodet 15. november 2025. Vedtaket, som blir gjort gjennom ei forskriftsendring, fastset også når nytt opptakskrav skal gjelde frå. Opptak av studentar med utgangspunkt i nytt opptakskrav kan tidlegast skje i studieåret 2026/2027. Etter vedteken endring sørgjer FS-gruppa for at informasjon om nytt opptakskrav og verknadstidspunkt blir overført til studieplanen. Fakultetet oppdaterer sjølv nettsida til studieprogrammet, slik at nytt opptakskrav kjem klart og tydeleg fram.


Andre utdanningar

Opptak til andre studiepoenggivande studietilbod, som ikkje er grunnutdanningar, og dessutan opptak til kvalifiserande kurs som ikkje er studiepoenggivande, er regulert av Forskrift om opptak til studium ved NTNU. Det er fakultetet sjølv som både vedtek nye opptakskrav og fastset faglege minstekrav for desse studietilboda.

Fristar

Fakultet som vil endre opptakskrav for studium med lokalt opptak, må melde inn endringane via KASPER innan følgjande fristar:

  • Internasjonale masterprogram: 1. september
  • Andre studietilbod med lokalt opptak: 1. desember

Verknadstidspunkt – lemping av opptakskrav

Dersom det blir vedteke nye opptakskrav som inneber ei lemping av det tidlegare opptakskravet, kan det nye opptakskravet gjelde allereie for etterfølgjande opptak. Dette føreset at det nye opptakskravet er ferdig kvalitetssikra av alle partar i KASPER og informert om på nettsida til studieprogrammet innan 1. februar.

Døme: Fakultetet bestemmer seg for å lempe på opptakskravet for eit 2-årig masterprogram, og melder inn dette i KASPER 1. desember 2024. Opptakseininga kvalitetssikrar nytt opptakskrav, som gjeld ved opptaket til studieåret 2025/2026. FS-gruppa sørgjer for at informasjon om nytt opptakskrav og verknadstidspunkt blir overført til studieplanen. Fakultetet oppdaterer sjølv nettsida til studieprogrammet, slik at nytt opptakskrav kjem klart og tydeleg fram.

Verknadstidspunkt - skjerping av opptakskrav

Dersom det blir fastsett skjerpa opptakskrav, må det informerast om desse i god tid. Av omsyn til søkjarar kan endringa tidlegast tre i kraft for opptaket som følgjer kalenderåret etter at endringa er kvalitetssikra og vedteke.

Det nye opptakskravet må vere ferdig kvalitetssikra av alle partar i KASPER og informert om på nettsida til studieprogrammet innan 1. februar i kalenderåret før endringa skal tre i kraft, slik at søkjarar kan innrette seg etter det nye opptakskravet.

Døme: Fakultetet bestemmer seg for å skjerpe inn opptakskravet for eit 2-årig masterprogram, og melder inn dette i KASPER 1. desember 2024. Opptakseininga kvalitetssikrar nytt opptakskrav, som gjeld ved opptaket til studieåret 2026/2027. Innan 1. februar 2025 legg fakultetet inn tydeleg informasjon på nettsida til studieprogrammet om at opptakskravet kjem til å bli endra, og når dette vil ha verknad frå. FS-gruppa sørgjer for at informasjon om nytt opptakskrav og verknadstidspunkt blir overført til studieplanen.

Fastsetjing av faglege minstekrav

Fakultetet sjølv kan fastsetje faglege minstekrav, til dømes karakterkrav, for opptak til enkelte masterprogram. Rektor kan fastsetje dette for toårige masterprogram i teknologi. Slike krav skal komme fram av studieplanen, jf. NTNU sin opptaksforskift § 30 (5).

Faglege minstekrav skal kunngjerast under fanen for opptakskrav på nettsida til studieprogrammet seinast 1. september. Dersom det også blir planlagt endring av opptakskrav, bør det så tidleg som mogleg bli lagt informasjon om dette på studieprogramsida. Dette er naudsynt for at potensielle søkjarar som treng å ta opp eksamenar får høve til å områ seg innan oppmeldingsfristen 15. september. Omsynet til søkjar veg tungt.


Framgangsmåte i KASPER

Framgangsmåten for å melde inn nye opptakskrav i KASPER blir ikkje beskriven her. Det er i staden laga eia eiga wiki-side med brukarrettleiing for denne funksjonaliteten.


Kontakt

2539 Visninger