Wikier

KASPER -...

KASPER - Fagmiljøets bidrag i studieprogram

Denne wikien forklarar korleis ein skildrar og oppdaterer fagmiljøets bidrag i studieprogram.

English version: KASPER – Study Programme Contributions from the Academic Environment

Samleside for KASPER-ressursar|Temaside om utvikling av studieprogram|Sider merka med «KASPER»

Kom i gang

  1. Logg på KASPER ved å klikke på knappen under:
     Logg inn
    Denne lenka sender deg til lista over dine studieplanar.Dette svarar til å starte på framsida til KASPER og velje «Studieprogramleder» -> «Revidere studieplan».
  2. Klikk deg inn på det aktuelle studieprogrammet.
  3. Øvst på sida du kjem til finn du ei rekkje med knappar. Klikk på «Åpne studieprogrammets fagmiljø».

Dokumentasjon av nasjonale krav til fagmiljø

Sida for studieprogrammets fagmiljø skal brukast til å skildre, vurdere og kvantifisere korleis fagmiljøet oppfyller dei nasjonale krava frå studietilsynsforskrifta, § 2-3. Dei ulike krava i paragrafen har her blitt delt i sju punkter.

Skildring av dokumentasjon (Punkt 1-3 og 5-7)

For kvart av desse punkta finst eit tekstfelt kor det skal skildrast kort korleis det kan dokumenterast at kravet frå forskrifta er oppfylt, samt knappar å huke av for om kravet er «Oppfylt» eller «Ikke oppfylt».

Ved kvart av tekstfelta står det aktuelle kravet beskrive, og ein kort hjelpetekst forklarer kva de skal skrive.

NB: Punkt 7 gjeld berre for studieprogram som har obligatorisk praksis som ein del av studietilbodet.

Tilsette med fyrstestillingskompetanse (Punkt 4)

Punkt 4 i forskriftsparagraf 2-3 seier at «minst 50 prosent av årsverkene tilknyttet studietilbudet skal utgjøres av ansatte i hovedstilling ved institusjonen. Av disse skal det være ansatte med førstestillingskompetanse i de sentrale delene av studietilbudet». I tillegg gjeld følgjande krav til fagmiljøets kompetansenivå:

  1. For studietilbod på bachelorgradnivå skal fagmiljøet knytt til studiet bestå av minst 20 prosent tilsette med fyrstestillingskompetanse.
  2. For studietilbod på mastergradnivå skal 50 prosent av fagmiljøet knytt til studiet bestå av tilsette med fyrstestillingskompetanse, av dei minst 10 prosent med professor- eller dosentkompetanse.
  3. For studietilbod på doktorgradsnivå skal fagmiljøet knytt til studiet bestå av tilsette med førstestillingskompetanse, kor av minst 50 prosent med professor- eller dosentkompetanse.

For dette feltet skal ein difor registrere dei tilsette ved studieprogrammet som bidrar til å utfylle krava. Obs: Her skil me mellom dei som bidrar med meir eller mindre enn 0.1 årsverk.

Slik legg du til personar med fyrstestillingskompetanse

  1. Klkk «+Legg til».
  2. Då opnar det seg ein meny på høgre side av skjermen. I det øvste feltet «Velg ansatt» søker du opp den du skal legge til. Bruk resten av felta under til å fylle ut eller endre på relevant informasjon som «Stillingskode», «Ansettelsesforhold», «Hovedstilling» «Andel av faglig årsverk i studietilbudet» osb., der det er behov.
  3. Klikk til slutt «Lagre».
  4. For å gjere endringar på deltaljane til ein person kan du markere dei (4) og klikke «Åpne (4). Då får du opp same menyen som forklart over. Foreløpig manglar det ein slettefunksjon på sida, so om du skal fjerne nokon må du bruke opne-funksjonen og byte ut namnet i den menyen.

Innsyn i personopplysingar

Informasjonen om tilsette som KASPER handsamar er henta frå SharePoint. Dersom du ynskjer innsyn i kva spesifikk informasjon som er lagra om deg, kan du kontakte KASPER-brukarstøtte via NTNU Hjelp.

Sjå òg

Kontakt