Wikier

KASPER -...

KASPER - Godkjenning og vedtak

Denne rettleiinga skildrar vedtakssløyfa for studieplanar i KASPER. Her går me gjennom korleis fakultetsleiinga går fram for å velje vedtaksløyfe i KASPER i staden for ePhorte, korleis fakultetsadministrasjonen sendar studieplanar til vedtak etter revisjon, og korleis sekretærar i forvaltingsutval bruker sløyfa i KASPER til å vedta planane.

Me har òg nokre Panopto-videoar som høvesvis går gjennom korleis ein fullfører revisjon (sender studieplanen til vedtak) og korleis ein vedtar ein studieplan i KASPER.

Samleside for KASPER|Temaside om utvikling og evaluering av studieprogram|Sider merket med "KASPER"

Val av vedtakssløyfe i KASPER - For fakultetsleiarar

  1. Logg inn i KASPER og klikk deg inn til administrasjonsverktøya. Knappen under her tar deg direkte dit.

      Logg inn

     Skjermbilde av startsiden i KASPER, og pil som peker på flisen Administrasjon.
  2. Vel administrasjonsverktøyet «Studieprogramadministrasjon» og deretter ditt fakultet.
     Skjermbilde av flisene i administrasjonsverktøyet, og pil som peker på Studieprogramadministrasjon
  3. Vel kva studieprogram du skal endre sløyfa til i lista nedst på sida (1). Ein meny vil opne seg til høgre på skjermen (2).  Skjermbilde av forsiden inne på Studieprogramadministrasjon, med piler som viser til 1) valg av studieprogram og 2) en sidemeny der "Vedtakssløyfe" er blant en av innstillingene.
  4. Her bruker du nedtrekksmenyen nest øvst i menyen, og vel «Vedtak i KASPER».  Skjermbilde av nedtrekksmenyen til Vedtakssløyfe, hvor muspekeren viser til valget "Vedtak i KASPER".
  5. Når du har valt «Vedtak i KASPER» vil eit ekstra felt dukke opp lenger nede i menyen, der du fyller inn kven som skal ha «Vedtaksmyndighet». For studieprogram med forvaltingsutval som leiingsmodel vert sekretæren for FUS/FUI automatisk lagt til i dette feltet.  Skjermbilde av en del av sidemenyen der "Vedtaksmyndighet" er rammet inn i blått.

Send studieplan til vedtak - For fakultetsadministratorar

Etter at studieprogramleiar har ferdigstilt studieplanrevisjonen i KASPER, vil du kunne sende planen til vedtak frå verktøysmodulen «Fullfør revisjon».

  1. Logg inn i KASPER og klikk deg inn til administrasjonsverktøya.

      Logg inn

     Skjermbilde av forsiden i KASPER med en pil som peker på flisen Administrasjon.
  2. Vel administrasjonsverktøyet «Fullfør revisjon».  Skjermbilde av flisene i administrasjonsverktøyet, med pil som peker på "Fullfør revisjon".
  3. Vel studieprogrammet du er ute etter (1), og klikk «Send til vedtak» i verktøylinja på toppen (2).  Skjermbilde av forsiden til "Fakultetsadministrasjon - Fullfør revisjon", med piler som viser til 1) valg av studieprogram og 2) knappen "Send til vedtak".
  4. Då får du opp ein dialogboks som informerar om føresetnadane for å sende ein plan til vedtak. Her må du fylle inn «Fakultetets oppsummering av anbefalte endringer» før du igjen klikkar «Send til vedtak». Når dette er gjort vil eit varsel bli sendt på e-post til den som er registrert som vedtaksmyndigheit.  Skjermbilde av dialogboks for sending av studieplan til vedtak, med kommentarfeltet rammet inn i blått.

Send plan tilbake til revisjon

Dersom du meiner at studieplanen trenger ytterlegare revisjon før den vert sendt til vedtak, vel du studieprogrammet (1), og klikkar «Send plan tilbake til revisjon» (2).  Skjermbilde av forsiden til "Fakultetsadministrasjon - Fullfør revisjon", med piler som viser til 1) valg av studieplan for det aktuelle studieprogrammet og 2) knappen "Send plan tilbake til revisjon.

Vedta studieplan - For vedtaksmyndigheit

  1. Logg inn i KASPER og klikk deg inn til administrasjonsverktøya.

      Logg inn

     Skjermbilde av forsiden i KASPER, med pil som peker på flisen "Administrasjon".
  2. Vel administrasjonsverktøyet «Planer til vedtak»  Skjermbilde av flisene under administrasjonsverktøyet, med pil som peker på "Planer til vedtak".
  3. Her vil du få opp ei liste over studieplanane du har myndigheit til å fatte vedtak for. Emne som er klare til vedtekt vil ha statusen «Sendt til vedtak». Klikk på planen du vil vedta (1). Skulle du ha veldig mange studieplanar i denne lista kan du søke etter spesifikke planar i feltet øvst på sida (2).  Skjermbilde av forsiden til "Planer til vedtak", med piler som viser til 1) valg av plan for et studieprogram og 2) søkefelt for søking av studieplaner.
  4. Du blir sendt til studieplanen i KASPER. Her kan du sjå studieplanen sine innhaldstekstar, og oppbygginga til studiet (emna i studieprogrammet), med sporing av endringane som er gjort, logg over vesentlege endringar, samt studieprogramleiar og fakultetet sine oppsummeringar av endringane som er gjort i revisjonsprosessen. Nedst på sida finn du nokre prosess-piler. For å vedta studieplanen klikkar du på den som heiter vedtatt.  Skjermbilde av prosess-pilene, med en pil som peker på pilen "Vedtatt".
  5. Du får opp ein boks der du skriv inn eventuelle kommentarar du har til planen, før du igjen klikker «Vedtatt» Skjermbilde av dialogboks med et kommentarfelt og knappen "Vedtatt".
  6. Kommentaren til vedtatt studieplan vert synleg på studieplansida, som vist på bilete under. Skjermbilde av en del av studieplan-forsiden, med "Kommentar til vedtatt studieplan" rammet inn i blått.

Send plan tilbake til revisjon

Dersom planen ikkje kan vedtakast slik den er, tek du kontakt med fakultetsadministrator. Det er framleis mogleg å gjere endringar i planen, sjølv om den har status «Til vedtak». Når du får tilbakemelding om at dei nødvendige endringane har blitt gjort, kan du igjen fylgje framgangsmåten som forklart ovanfor.

Se også

Kontakt