Wikier

Administrative...

HF - Råd og utval

Her finn du oversyn over leiarforum, styringsorgan og råd ved Det humanistiske fakultetet (HF), og korleis du kan gi innspel til desse.


Fakultetsleiinga

Dekanen er den øvste leiaren av fakultetet og har overordna ansvar for den faglege og administrative verksemda. Dekanen er del av den utvida leiargruppa til rektor og blir tilsett av NTNUs styre på åremål for fire år av gangen i opptil tre periodar. Prodekaner blir oppnemnt av dekanen.

Fakultetsleiinga fungerer som arbeidsutvalet til dekanen for leiing og drift av fakultetet, og møtes kvar veke. Her møter dekan, prodekanar, administrativ leiar og seksjonssjefane ved fakultetsadministrasjonen.

Fakultetsstyret

Fakultetsstyret er HFs øvste organ og tek avgjerder i saker av prinsipiell og overordna karakter. Styret har ansvaret for verksemda ved fakultetet.

Les mer om fakultetsstyret

Tilsettingsutvalet for undervisnings- og forskarstillinger

Tilsettingsutvalet for undervisnings- og forskarstillingar gjer tilsettingar i faste vitskaplege stillingar.

Les mer om tilsettingsutvalet for undervisnings- og forskarstillingar

Tilsettingsrådet for teknisk-administrative stillingar

Tilsettingsrådet for teknisk-administrative stillingar behandlar tilsettingar og saker som omhandlar teknisk og administrativt personell.

Les mer om tilsettingsrådet for teknisk- administrative stillingar

LOSAM

LOSAM er lokalt samarbeidsutval ved Det humanistiske fakultetet, beståande av representantar for arbeidsgivar, verneombod og lokale fagforeiningsrepresentantar frå fagforeiningane ved NTNU. I hovudavtalen for staten med tilpassingsavtale for NTNU heiter det at medverknad skal utøvast gjennom lokale samarbeidsutval.

Les mer om LOSAM

Instituttledermøtet

Instituttleiarmøtet er eit rådgivande organ for dekanen ved Det humanistiske fakultetet, beståande av instituttleiarane ved dei sju institutta ved fakultetet, dekan, prodekan for forsking, prodekan for utdanning og fakultetstillitsvalte studentar. I tillegg møter administrativ leiar ved HF. Seksjonssjefane ved fakultetsadministrasjonen møter ved behov.

Les mer om instituttleiarmøtet

Administrativt leiarforum

Seksjonssjefar og kontorsjefar ved HF møtes månadleg med administrativ leiar i Administrativt leiarforum for å drøfte relevante saker, dele god administrativ praksis og vere pådrivarar for utvikling av relevante og effektive administrative tryggingsfunksjonar ved fakultetet.

Les mer om administrativt leiarforum

Utdanningsutvalet

Utdanningsutvalet ved HF er eit rådgivande organ overfor dekanen i prosessar og større saker som gjeld utdanningstilbodet til fakultetet. Det består av prodekan for utdanning (leiar), undervisningsleiarar ved kvart institutt og administrativ leiar for studieseksjonen ved fakultetet (sekretær).

Les mer om utdanningsutvalet

Forskings- og utviklingsutvalet

FoU-utvalet er eit rådgivande organ for dekanatet i arbeidet med å nå dei strategiske utviklingsmåla innan forsking, kunst, nyskaping og formidling. Det består av prodekan for forsking og formidling (leiar), prodekan for kunst og nyskapning, ein representant frå kvart institutt, ein representant for eksternfinansierte forskarstillingar og ein representant for postdoktorar.

Les mer om forskings- og utviklingsutvalet

Studieprogramråd

Programråd for dei ulike studie- og ph.d- program ved HF er rådgivande organ beståande av vitskapeleg tilsette, studentar og eventuelt eksterne representantar, og møtes vanlegvis ein eller to gongar i semesteret.

Les mer om studieprogramråd

Se også:

Studentrådet HF

Råd og utval ved NTNU

Strategi og planer ved HF

HF si side om medverknad

Medverknad og medråderett på NTNU, om kva medverknad er og korleis du kan halde deg informert og bidra aktivt til å utvikle både deg sjølv og organisasjonen.

933 Visninger
Målgruppe: Medarbeidere Tema: Administrativt
Tagger
hf råd og utval

Child Pages (10)

  • Fakultetsstyret ved HF

    Fakultetsstyret er Det humanistiske fakultets (HFs) øvste organ og tek avgjerder i saker av prinsipiell og overordna karakter. Fakultetsstyremøtet - sakslister og protokoll 2024 Her er lenke til...

  • HF - Administrativt leiarforum

    Her finn du sakskart for Administrativt leiarforum Eldre referat og sakspapir kan ein få ved førespurnad til Lillian Moen. Deltakarar i ALF-HF: Kontorsjefar: Anita Oxsaas Karlsen (IKM) Susanna...

  • HF - Fakultetsstyret

    Fakultetsstyret er Det humanistiske fakultets (HFs) øvste organ og tek avgjerder i saker av prinsipiell og overordna karakter. Fakultetsstyremøtet - sakslister og protokoll 2024 Her er lenke til...

  • HF - Forskings- og utviklingsutvalet

    Råd og utvalg HF | Råd og utvalg NTNU Forskings- og utviklingsutvalet (FoU-utvalet) er oppretta for leiarperioden 01.08.2021–31.07-2025 og leia av prodekan for forsking og formidling. Mandat...

  • HF - Instituttleiarmøtet

    Alt om råd og utvalg | Råd og utvalg ved HF Innholdsfortegnelse [-] Instituttleiarmøtet 2024 Instituttleiarmøtets samansetning (frå 01.08.21) Dekanat og administrativ leiar Instituttleiarar...

  • HF - LOSAM

    LOSAM er lokalt samarbeidsutval ved Det humanistiske fakultetet. I LOSAM sit representantar for arbeidsgivar, verneombod og lokale fagforeiningsrepresentantar frå fagforeiningane ved NTNU. I...

  • HF - Utdanningsutvalget

    Sammensetning Utvalget består av prodekan for utdanning (leder), undervisningslederne ved hvert av instituttene (eller den som instituttleder utpeker), leder av studieseksjonen ved fakultetet og...

  • LOSAM for HF

    Møteinnkallingar, sakspapir og referat frå Losam Møteinnkallingar og referat frå LOSAM finns i eInnsyn og i Sharepoint. Eldre referat og sakspapir kan ein få ved førespurnad til Lillian Moen. LOSAM...

  • Råd og utvalg ved Institutt for musikk

    Her finner du sammensetningen av Institutt for musikks utvidede ledergruppe, instituttets studieprogramråd og FoU-utvalg. Innholdsfortegnelse [-] Utvidet ledergruppe ved Institutt for musikk...

  • Utdanningsutvalget ved HF

    Sammensetning Utvalget består av prodekan for utdanning (leder), undervisningslederne ved hvert av instituttene (eller den som instituttleder utpeker), leder av studieseksjonen ved fakultetet og...