Fakultetsstyret ved HF - Kunnskapsbasen
Fakultetsstyret ved HF
Fakultetsstyret er Det humanistiske fakultets (HFs) øvste organ og tek avgjerder i saker av prinsipiell og overordna karakter.
Fakultetsstyremøtet - sakslister og protokoll 2024
Her er lenke til møter, saker, referat og sakspapir i eInnsyn og Sharepoint.
Saksoversikt og sakspapir til fakultetsstyremøta blir lagt ut i lenkja seinast sju dagar før møta.
Eldre referat og sakspapir kan ein få ved førespurnad til Lillian Moen.
Oversikt over alle saker som skal opp i fakultetsstyret finns i årshjulet. Saker kan kome til, dei blir då sette inn i oversikta (med atterhald om endringar):
Enkeltvedtak frå fakultetsstyret
Styret har ansvar for å fastsetje mål og strategiar for fakultetet og gjere prioriteringar innanfor rammer gitt i regelverk og avgjerdene til overordna nivå. Dette blir tatt vare på ved at styret sjølv tek stilling til:
• Strategi
• Årsplanar og handlingsplanar
• Strategiske personalplanar
• Intern fordeling av løyving og budsjett
• Forskingssatsingar og forskingsprofil
• Studieprogram
• Studiekvalitet
• Verksemds- og økonomirapportering
• Intern organisering
• Saker av prinsipiell betydning
Dersom det er usemje mellom dekan og fakultetsstyret om kvar avgjerdsstyresmakta ligg, blir spørsmålet avgjort av rektor.
Styret består av 11 medlemer. Tre medlemer representerer det vitskaplege personalet, éin representerer mellombels tilsette i undervisnings- og forskarstilling og éin representerer dei teknisk-administrativt tilsette. Studentane har to representantar, medan fire kjem utanfrå universitetet (eksterne representantar). Alle styrerepresentantane blir valde for ein fireårsperiode, med unntak av representanten frå dei mellombels tilsette og dei to studentane. Desse sit i eitt år.
HF fakultetsstyre sine medlemmar for perioden 01.08.2021 - 31. 07. 2025
Dekan: Professor Anne Kristine Børresen
Frå administrasjonen:
- Administrativ leder Morten Ertzaas Sørlie
Eksterne medlemmar:
- Tanja Storsul - Oslo Met (Styreleder)
- Førsteamanuensis Feroz Mehmood Shah - Universitetet i Sørøst-Norge (usn.no)
- Jostein Moen, leder for samfunnskontakt, SINTEF
- Karen Espelund, direktør Museene i Sør- Trøndelag
Fast vitenskapeleg ansatte
- Medlem: Professor Øyvind Thomassen, Institutt for moderne samfunnshistorie
- Medlem: Professor Anne Dahl, Institutt for språk og litteratur
- Medlem: Professor Michael Francis Duch, Institutt for musikk
- Vara: Professor Staffan Wahlgren, Institutt for historiske og klassiske studier
- Vara: Professor Jussi Haukioja, Institutt for filosofi og religionsvitenskap
Mellombels vitenskapeleg ansatte
- Medlem: Andreas Eliassen Grini
- Vara: kommer
Faste og mellombels teknisk/administrativt ansatte
- Medlem: Rådgiver Vanessa Necchi, Institutt for språk og litteratur
- Vara: Eksamenskoordinator Anders Kristiansen, Institutt for musikk
Eksterne varamedlemmar:
- Heidi Anett Øvergård Beistad, direktør Museene Arven
- Trond Åm, daglig leder litteraturhuset Trondheim
Studentrepresentantar:
- Ingrid Isdal Lindstrøm
- Lasse Zetterlund