Wikier

HF - Råd og utval

HF - Fakultetsstyret

Fakultetsstyret er Det humanistiske fakultetets (HFs) øvste organ og tek avgjerder i saker av prinsipiell og overordna karakter.

Fakultetsstyremøtet - sakslister og protokoll

Møter, saker, referat og sakspapir ligg i Elements Publikum. Tidligare referat finn du i Sharepoint.

Saksoversikt og sakspapir til fakultetsstyremøta blir lagt ut uka før.


Enkeltvedtak frå fakultetsstyret

Styret har ansvar for å fastsetje mål og strategiar for fakultetet og gjere prioriteringar innanfor rammer gitt i regelverk og avgjerdene til overordna nivå. Dette blir tatt vare på ved at styret sjølv tek stilling til:

  • Strategi
  • Årsplanar og handlingsplanar
  • Strategiske personalplanar
  • Intern fordeling av løyving og budsjett
  • Forskingssatsingar og forskingsprofil
  • Studieprogram
  • Studiekvalitet
  • Verksemds- og økonomirapportering
  • Intern organisering
  • Saker av prinsipiell betydning

Dersom det er usemje mellom dekan og fakultetsstyret om kvar avgjerdsstyresmakta ligg, blir spørsmålet avgjort av rektor.

Styret består av 11 medlemer. Tre medlemer representerer det vitskaplege personalet, éin representerer mellombels tilsette i undervisnings- og forskarstilling og éin representerer dei teknisk-administrativt tilsette. Studentane har to representantar, medan fire kjem utanfrå universitetet (eksterne representantar).

Alle styrerepresentantane blir valde for ein fireårsperiode, med unntak av representanten frå dei mellombels tilsette og dei to studentane. Desse sit i eitt år.


HF fakultetsstyre sine medlemmar for perioden 01.08.2025 - 31. 07. 2029

Dekan: Terje Lohndal (frå 10.4.2025)

Frå administrasjonen:

Administrativ leder Morten Ertzaas Sørlie

Styreleiar

Trine Syvertsen, professor, Institutt for medier og kommunikasjon, UiO

Eksterne medlemmar:

Vara:

Fast vitenskapeleg ansatte

Vara:

Mellombels vitenskapeleg ansatte

Isak Nathaniel Løberg Jacobsen, stipendiat, Institutt for tverrfaglige kulturstudier

Faste og mellombels teknisk/administrativt ansatte

Rådgiver Vanessa Necchi, Institutt for språk og litteratur

Studentrepresentantar:

  • Erlend Vikestad
  • Amund Aaseng Stubbrud
3462 Visninger