Utdanningspermisjon - Kunnskapsbasen
Utdanningspermisjon
På denne sida finn du informasjon om utdanningspermisjon, lese- og eksamensdagar, og korleis du søker om utdanningspermisjon.
English version - Study leave
Temaside om permisjon | Sider merka med permisjon
Innholdsfortegnelse [-]
Kriteria for utdanningspermisjon
Om du har vore i arbeidslivet i minst tre år, og vore tilsett ved NTNU dei siste to åra, har du rett til heil eller delvis permisjon i inntil tre år for å delta i organiserte utdanningstilbod. Av disse kan det innvilgast lønna permisjon for inntil 1 år når:
- Etter- og vidareutdanning skal kvalifisere arbeidstakaren for fortsett arbeid i stillinga eller verksemda, og utdanninga er ein integrert del av arbeidsvilkåra.
- Etter- og vidareutdanning er nødvendig for verksemda.
- Etter og vidareutdanning er nødvendig for at arbeidstakaren skal kunne fortsette i staten.
Det er arbeidsgivaren din som vurderer om etter- og vidareutdanning er nødvendig.
Lese- og eksamensdagar
I forbindelse med eksamen har du rett til ein eksamens- eller lesedag per to studiepoeng. Lesedagane skal nyttast i direkte tilknyting til eksamen. Arbeidstakar og arbeidsgivar må på førehand avtale når dagane skal nyttast.
- Om du tek etter- og vidareutdanning som har lita eller ingen betydning for verksemda, har du rett til permisjon med lønn til saman i inntil sju lese- og eksamensdagar i løpet av eit studieår.
- Om du tek etter- og vidareutdanning som er til nytte for verksemda eller for di stilling / kompetanse, har du rett til permisjon med lønn til saman i inntil 21 lese- og eksamensdagar i løpet av eit studieår.
Merk at rett til lesedagar og eksamensdagar med løn kun gjeld tilsette som tek etter- eller vidareutdanning. Tilsette som er i grunnutdanning har ikkje rett til løn ved lese- og eksamensdagar. Som grunnutdanning blir det i hovudsak rekna den første utdanninga di opp til og med mastergradnivå.
Dersom du er student med ein deltidsjobb i tillegg til studia, har du ikkje rett til fri med løn frå deltidsjobben i samband med eksamen. Arbeidsgivar skal likevel tilpasse vaktplanen slik at du får uløna fri til å gjennomføre eksamen.
Eksamens- og lesedagar blir normalt ikkje gitt ved disputas, doktorgradsavhandlingar osv.
Dersom du får stipend for å dekke vesentlege levekostnader (til dømes frå Lånekassen), har du berre rett til lese- og eksamensdagar utan løn. Dette gjeld òg ved etter- og vidareutdanning.
Søke permisjon
Etter at du har avklart permisjon med din næraste leiar, søker du i Selvbetjeningsportalen:
- Utdanningspermisjon søker du om i fana permisjon. Sjå rettleiing: Søke om permisjon (dfo.no)
- Lese- og eksamensdagar søker du om i fana fråvær: Sende fråværssøknad med fråværsårsak "Eksamen/lesedager/studie 780". Sjå rettleiing: Søke om fravær (dfo.no)
Kjelde/lovverk
- AML § 12-11
- Særavtale om permisjon og økonomiske vilkår ved etter- og videreutdanning, kurs mv. - regjeringen.no
Kontakt
Har du spørsmål om denne permisjonen? Kontakt Tenestesenteret.