Wikier

Omsorgspermisjon ved fødsel

Her finn du informasjon om kva rettar du som far, medfar eller medmor har til permisjon i samband med fødsel.


English version: Leave for childcare in connection with birth

Se også Foreldrepermisjon


To vekers permisjon

Som far eller medmor har du rett til to vekers (ukers) permisjon for å bistå mora. Om foreldra ikkje bur saman, kan ein annan som hjelper mora ta permisjonen.

I samband med fødsel

Du må ta ut omsorgspermisjonen i samband med fødselen og den må vere avslutta seinast 14 dagar etter at mor har komme heim frå sjukehuset.

Som hovudregel skal permisjonen takast fortløpande, men du kan dele han opp slik at du er til stades ein eller fleire dagar i samband med fødsel og resten når barnet og mora kjem heim.

Tillegg til foreldrepermisjon

Omsorgspermisjonen kjem i tillegg til foreldrepermisjonen.

Adopsjon og fosterheim

Adoptivforeldre og fosterforeldre har rett til to vekers (ukers) permisjon når dei tek over omsorga for barnet. Dette gjeld ikkje ved stebarnsadopsjon eller dersom barnet er over 15 år.

Søkje om omsorgspermisjon

Du søkjer om omsorgspermisjon i Selvbetjeningsportalen. Lever fråværssøknad og vel "Omsorg føds 2 uker m/lønn 440" som type.

Sjå rettleiing (veiledning): Søkje om fråvær (dfo.no)

Kilder og lovverk

Arbeidsmiljølova §12-3

Statens Personalhåndbok

Kontakt

Har du spørsmål om denne permisjonen? Kontakt Tenestesenteret.