Wikier

NTNU Sak - Om...

NTNU Sak Opplæring

NTNU Sak Opplæring er ein del av NTNU Sak Innføring. Vi lager opplæringsplan og gjennomfører opplæringsaktivitetar. Opplæringsarbeidet er organisert i fire fasar. I kvar av fasane jobbar vi tett med organisasjonen for å skreddarsy opplæring til alle deltakarane.

Fase 1: Bli kjent med offentleg forvaltning

Målet med fase 1 var å heve den grunnleggjande kunnskapen om lover, forskrifter, instruksar og retningslinjer innan offentleg forvaltning. Arbeidet har resultert i sida Bli kjend med offentleg forvaltning ved NTNU (bokmål). Læringsmålet for opplæringa er at saksbehandlarar får grunnleggjande kunnskap om lovverk og prinsipp innanfor offentleg forvaltning. Dette hevar kvaliteten i saksbehandling ved NTNU.

Arbeidet med fase 1 er overlevert til organisasjonen og er avslutta frå prosjektets side.

Fase 2: Saksbehandling ved NTNU

Målet med fase 2 var at saksbehandlarar ved NTNU skulle få auka forståing for saksbehandlarrolla. Det vart utvikla ein kurspakke som vart pilotert og brukartesta. Innhaldet i kurspakken er samanfatta og publisert på sida Opplæring i saksbehandling ved NTNU (bokmål).

Arbeidet med fase 2 er dermed avslutta frå prosjektets side.

Fase 3: Innføring av NTNU Sak – verktøyfokus

Målet for tredje fase er at saksbehandlarar og leiarar skal få nødvendig kunnskap og ferdigheiter til å kunne bruke dei nye systema korrekt og effektivt, og jobbe i samsvar med nye arbeidsprosessar.

I fase 3 jobbar vi med å utvikle kursmodular og eLæringsressursar i det nye saksbehandlingssystemet. Saksbehandlarar og leiarar ved NTNU kan delta i webinar, ferdigheitstrening og eLæringsressursar. Vi har samla informasjon om opplæring på sida Plan for opplæring ved overgang til NTNU Sak. Nedst på sida kan du sjå ein illustrasjon med ei oversikt over kursplanen i vekene før og etter innføring av NTNU Sak

Fase 4: Rollebasert opplæring – funksjonsområder

Målet med siste fase er at deltakarane skal få kunnskap om, og kan nytte og bidra til, utvikling av prosessar innanfor eige fagområde.