Wikier

Administrative...

HF - Støtte til forsking og formidling

Både fakultetet og institutta har ulike ordningar for støtte til forsking og formidling. Nedanfor finn du informasjon og lenkjer knytt til fakultetet sine ordningar. Ta kontakt med instituttet ditt eller forskingsseksjonen om du ikkje finn det du leitar etter her.

Kontakt forskningsseksjonen Kontakt forskingsseksjonen

Strategiske midlar til forskargrupper og -nettverk

Det humanistiske fakultetet gir strategiske midlar til forskingsgrupper og -nettverk med ein omforeint plan som inkluderer mål om eksternfinansiering. Informasjon om vurderingskriterium og søknadsfrist blir lagt ut som melding på kanalen Det humanistiske fakultet på Innsida i god tid før fristen.

Informasjon om rutinar og støtteapparat ved eksternfinansiert aktivitet – BOA

Søknadsskjema for strategiske midlar Søknadsskjema for strategiske midlar

Forskingsetisk komité

Nokre gongar er dokumentert etisk godkjenning nødvendig, til dømes om du skal publisere i eit tidsskrift med krav om dette. Vitskapleg tilsette, inkludert ph.d.-kandidatar, postdoktorar og forskarar kan søkje om slik godkjenning frå den forskingsetiske komiteen ved HF. Ordninga gjeld ikkje for masterprosjekt.

Informasjon om den forskingsetiske komiteen ved HF

Alle prosjekt der ein skal handtere data, skal ha ein datahandteringsplan. Det er ein føresetnad for å kunne søkje om godkjenning frå den forskingsetiske komiteen ved HF at det er laga ein slik plan for det aktuelle prosjektet, og at datahandteringa er planlagt gjennomført i tråd med dei relevante krava. Ta kontakt med forskingsdatahjelpa ved NTNU Universitetsbiblioteket om du treng råd i arbeidet med ein slik plan.

Temaside om datahandteringsplan

Kontakt forskingsdatahjelpa via NTNU Hjelp

Prosjekt som krev godkjenning frå Regionale komiteer for medisinsk og helsefaglig forskningsetikk (REK) er ikkje omfatta av ordninga, sidan REK-godkjenninga er så omfattande at ho inkluderer dei elementa som den forskingsetiske komiteen kan vurdere.

Om å søkje REK

NTNU har ein samarbeidsavtale med Sikt, tidlegare NSD, som inneber at Sikt vurderer dei personvernmessige sidene av prosjekt der ein skal behandle personopplysingar , men dei har ikkje myndigheit til å godkjenne prosjekta.

Sikt om personverntenester for forsking

Om prosjektet er av den typen som krev vurdering av NSD, må dette vere gjennomført for at den forskingsetiske komiteen skal handsame søknaden.

Søk om dokumentert etisk godkjenning Søk om dokumentert etisk godkjenning

Publisering

Trykkestøtte

Publiseringsstøtte for open publisering ved NTNU blir administrert av Universitetsbiblioteket.

Felles publiseringsordning ved NTNU

Institutta har ulike ordningar for eventuell trykkestøtte for andre typar publisering.

Fristen for å registrere vitskaplege publikasjonar i Cristin er 20. januar. Registrere forsking i Cristin

Språkvask og omsetjing

Utgifter til omsetjing frå morsmål til engelsk, språkvask eller korrekturlesing må forfattarane dekkje av eigne prosjekt- eller driftsmidlar. Alternativt kan enkelte institutt ha eigne ordningar for dette.

NTNU har ein ny rammeavtale for omsetjing og språkvask med Semantix Translations Norway AS. Avtalen er forpliktande, og skal brukast på alle oppdrag frå NTNU der det er behov for å kjøpe omsetjing eller språkvasktenester.

Kjøp av omsetjingstenester og språkvask

Temaside om publisering

Reisemidlar for stipendiatar og postdoktorar

Det humanistiske fakultetet handsamar løypande søknader om reisemidlar til stipendiatar og postdoktorar. Midlane er meint å skulle gjere det mogleg å ha utanlandsopphald på minimum 1 månads varigheit som det ikkje er rom for innanfor rammene av ordinære driftsmidlar. Fakultetet sin strategi legg føringar for tildeling, saman med gjeldande årsplan og budsjett.

Kva kan ein søkje om?

  • Reise- og opphald til stipendiat/postdoktor tilsett ved HF
  • Maksimalt søknadsbeløp er 50 000 kr.

Søknadane må innehalde

  • Stadfesting frå rettleiar (gjeld berre for stipendiatar)
  • Invitasjon frå vertsinstitusjon
  • Kort søknadsbrev med informasjon om formål, stad og periode
  • Budsjett, inkludert informasjon om eigne driftsmidlar.

Søk om reisemidlar Søk om reisemidlar

Relevante dokument og sider:

Periodeplan 2023-2026 - tiltak for 2023

Strategi for Det humanistiske fakultetet 2018-2025

Temaside om reiser for tilsette

Kontakt

Forskingsseksjonen

1204 Visninger