Wikier

Ammepermisjon

Her finn du informasjon om kva rettar (rettigheter) du har i samband med ammefri og korleis du søkjer.


English version - Leave of absence for breastfeeding

Temaside om permisjon


Rettane dine

Alle tilsette som ammar barn har rett på fri frå jobb fram til barnet fyller to år.

Dersom du arbeider heil dag har du krav på inntil to timar pr. dag, og viss du jobbar mellom 2/3 og full dag kan du ta fri inntil ein time pr. dag.

For tilsette med stillingar som inneheld både forskning og undervisning, skal ammefri fordelast proporsjonalt. Har du 20 prosent forskning og 80 prosent undervisning, skal 80 prosent av ammefriperioden takast av undervisninga og resten frå forskningsdelen.

Bekrefting frå lege eller helsestasjon

Frå barnet er 9 måneder, må du ha stadfesting (bekreftelse) frå lege eller helsestasjon om at barnet fremleis blir amma.

Gi beskjed om ammepermisjon

Varsle næraste leiar så snart som mogleg om du vil nytte deg av retten til permisjon. I tillegg må du sende skriftleg dokumentasjon frahelsestasjon/lege til Tjenestesenteret for lønn og HR. Dokumentasjonen blir lagra i personalmappa di i arkivsystemet Elements.

Stipendiatar, post doc og vitskapeleg assistent

Kontakt lokal HR-medarbeider for eventuell forlenging av ansettelsesforholdet i forbindelse med ammefri.

Registrere ammefri

Teknisk og administrativt tilsette registrerer du ammefri i Selvbetjeningsportalen når dei registrerer arbeidstid. Bruk typen "Ammepermisjon m/lønn 091" for tida du har fri. Registrer tida du er på jobb som 'Til stede'.

Vitskapleg tilsette og eandre som ikkje registrerer arbeidstid, avtaler med leiar om avviklinga av tida.

Sjå rettleiing (veiledning): Registrere arbeidstid (dfo.no)

Fakultet for medisin og helsevitskap nytter eige skjema for søknad om ammefri for stipendiatar og postdoktorar.
Det humanistiske fakultet nytter eige skjema for søknad om ammefri for stipendiatar og postdoktorar.

Lovverk

Kontakt

Har du spørsmål om denne permisjonen? Kontakt Tenestesenteret.