Oppgaveskriving - Respons
Språkvelger
Respons
Respons
Å få tilbakemelding og respons av andre kan hjelpe deg til å få ein betre tekst – det kan òg vere motiverande. Du kan for eksempel bruke respons i kollokviegruppa, eller du kan gå saman med andre og lage dykkar eiga skrivegruppe.
Respons bidreg til å
- rette merksemda mot sterke og svake sider ved teksten
- gje deg fleire idear og tankar
- gjere deg meir medviten på korleis teksta oppfattast av ein faktisk lesar
- byggje opp di språklege medvit og tekstkompetanse
Du kan altså verte ein betre skrivar av å gje og få respons.
Senter for faglig kommunikasjon har en videospilleliste med mange nyttige tips om å gi og å få respons:
Ulike typar respons
Når du skal gje respons, skal du både peike på kva som er positivt med teksten og kva som kan forbetrast.
Positiv respons
- viser korleis ein bør skrive
- roser og peikar på kva som er vellukka
- viser kva ein bør halde fast og fortsetje med
Konstruktiv respons
- påpeiker korleis ein ikkje bør skrive
- klargjer det som er uklart
- viser kvar teksten kan forbetrast
Respons skal bidra til at du som skrivar tenkjer gjennom teksten på nytt, og får hjelp til å sjå kva du bør gjere meir av og kva du bør forandre på. Husk å gje god respons til hverandre.
Husk òg å gje ein respons så er tilpassa det stadiet ein er på i skriveprosessen, slik at ein ikkje endar med å berre kommentere skrivefeil når skrivaren eigentlig vil ha tilbakemelding på tekststrukturen.
For å ivareta at dei som gjev og får respons kjenner seg trygge og for å sikre at alle kjem til orde, er det lurt å følgje nokon enkle reglar for responsgjeving.
Kva skal skrivaren gjere?
Skrivaren som skal få respons, sender utkastet sitt til responsgjevarane på førehand saman med ei responsbestilling.
Bestillinga skal seie kva teksten handlar om, og seie noko om kor langt du er kome i skriveprosessen: om du berre har skrive notatar, har skrive ein meir fullstendig tekst eller om du er i sluttfasen av skrivinga.
Bestillinga skal òg seie noko om kva slags type respons du ønskjer å få. Om det skal vere kommentarar på
- innhald, idear og tema
- oppbygging, strukturering og samanheng
- formuleringar, språk og teiknsetjing
På den måten er det mogleg for dei som gjev respons å tilpasse tilbakemeldingane til skrivaren sine behov. Då slepp du å få vite om alle skrivefeil når du vil ha tilbakemelding på oppbygging og struktur.
Kva skal dei som skal gje respons gjere?
For dei som skal gje respons, er det viktig å forberede seg godt.
God respons gjev du ved å
- komme med positive og konstruktive kommentarar
- stille spørsmål til teksten
- komme med konkrete forslag til forbetringar
Desse tilbakemeldingane skal du så dele med skrivaren, anten ved å gje munnleg eller skriftleg tilbakemelding.
Nyttige kommentarar
Når du skal gje respons, er dei beste kommentarane tekstnære, som vil seie at du viser kva i teksten du kommenterer på. På den måten unngår du å berre gje kommentarar som “bra flyt” og “godt språk”, som ikkje hjelper skrivaren noko særleg vidare.
Prøv heller å stille spørsmål som “kva meiner du med det?” og “kan du utdjupe det?”. Eller vis fram interessante tankar, eksempel på formuleringar og samanhengar som både er gode eller treng å forbetrast.
Som responsgjevar må du hugse at du ikkje skal skrive teksten i staden for skrivaren. Din jobb er å hjelpe skrivaren å forbetre teksten ved å gjere ho meir medviten på kva som fugerer, og kva ho gjer som ikkje fungerer. Når skrivaren får vite dette, er det lettare for den personen å endre sin eigen tekst til det betre.
Kontakt - akademisk skriving
Kontakt
- Har du spørsmål om oppgaveskriving? - Kontakt NTNU Universitetsbiblioteket
- Har du endringsforslag til siden? - Kontakt Marit Brodshaug
Innholdet er utarbeidet av
Senter for faglig kommunikasjon (SEKOM) og NTNU Universitetsbiblioteket