Ferie - for ansatte ved NTNU
Ferie
For medarbeidarar
Alle tilsette må registrere ferie
Alle arbeidstakarar har rett og plikt til å avvikle ferie. Det gjeld for både teknisk-administrativ og vitskapleg (vitenskapelig) tilsette.
Registrer hovudferien din i Selvbetjeningsportalen seinast 1. mai
Restferie skal registrerast før midten av november.
Påminning blir lagd som melding til alle tilsette på Innsida. I tillegg blir det sendt automatisk påminningar frå Selvbetjeningsportalen 1. april til tilsette som ikkje har registrert ferie, og 1. september til tilsette som har meir enn 15 betalte feriedagar igjen.
Registrere ferie | Slik registrerer du ferie (DFØ)
Etter at du har avklart ferien med leiaren din, registrerer du feriedagene i Selvbetjeningsportalen ved å sende ein fråværssøknad. Fråværssøknaden går direkte til din leiar.
Endre registrert ferie | Slik endrer du ferie (DFØ)
I samråd med leiaren din, kan du endre ferie som du allereie har registrert eller leggje til meir gjennom heile året. Det gjer du ved å slette uønskt ferie og søkje om ny ferie i det same skjemaet i Selvbetjeningsportalen.
Overføre ferie | Reglar for overføring | Slik søkjer du om overføring av ferie (DFØ)
Det er mogleg for tilsett og leiar å inngå skriftleg avtale om overføring av inntil 14 dagar til neste år. Hugs at du som tilsett ikkje har ein rett til å overføre 14 dagar sidan dette må avtalast med leiar. Leiar har styringsrett til å i staden påleggje deg å ta ut ferien i år. Frist for å registrere dette i Selvbetjeningsportalen/DFØ-appen er 15. november, men leiar kan kreve å få avklart dette på eit tidlegare tidspunkt.
Søk forskot på ferie | Reglar for forskot på ferie
Du kan søkje om å få ta ut inntil ti feriedagar på forskot innan 15. november kvart år i NTNU Hjelp. Du må ha søkt om all ferie i årets kvote (betalt og ubetalt) før du kan søkje om forskot på feriedagar. Det er ikkje mogleg å søkje om forskot på betalte feriedagear så lenge du har ubrukte ubetalte feriedager igjen.
Fråværsmarkering
Feriepenger
Utbetales den 12. juni kvart år uansett når du tek ut ferien. Feriepengar - utbetaling og utrekning
Spørsmål og svar om ferie
- Kor mange feriedagar har eg?
- Kor mange feriedagar er betalte?
- Må eg avvikla ferie?
- Når kan eg ta ferie?
- Kva dagar er offentlege helligdagar?
- Kva gjer eg viss eg blir sjuk før eller i ferien?
Kva gjeld for meg som:
- er deltidstilsett?
- er vitskapleg tilsett?
- er i foreldrepermisjon?
- er i delvis permisjon?
- er nytilsett?
- er over 60 år?
- er timelønnet?
- jobber i turnus og beredskap?
- har bistilling eller tilleggsstilling?
- går opp eller ned i stillingsprosent?
- er kalla inn til militærtjeneste?
- skal slutta ved NTNU?
Spørsmål om ferie?
- For avklaringar om avvikling av ferie, kontakt din næraste leiar.
- For generelle spørsmål om ferie, kontakt Tenestesenteret.
For leiarar og administrasjon
- Rutinar for leiarar og administrasjon rundt ferieavvikling
- Behandle søknad om overføring av feriedagar (dfo.no)
Leiarar vil få tilsendt varslar frå DFØ
- 1.mai dersom tilsette har meir enn 60 % igjen av tildelte feriedagar
- 15.oktober sendes varsel til leiar dersom du har tilsette med meir enn 15 betalte feriedagar