Wikier

Velferdspermisjon

På denne sida finn du informasjon om korleis du som tilsett skal søkja velferdspermisjon.


English version - Compassionate leave

Temaside om permisjon | Sider merka med permisjon


Søk velferdspermisjon

Velferdspermisjon søkjer du om i Selvbetjeningsportalen. Lever fråværssøknad, og vel Velferdspermisjon m/lønn 510 som fråværsårsak.

Sjå rettleing/ veiledning: Søkje om fråvær (dfo.no)

  • Når du har søkt velferdspermisjon i Selvbetjeningsportalen, mottar din næraste leiar permisjonssøknaden din her.
  • Det er opp til kvar enkelt leiar å vurdere om du får velferdspermisjonen din innvilga basert på situasjonen til den den enkeltes arbeidstakar.
  • Du får svar på om søknaden er innvilga i Selvbetjeningsportalen, men det er likevel anbefalt at du har ein løpande dialog med leiaren din gjennom prosessen.
  • Om du tek 12 dagar samanhengande velferdspermisjon, mistar du oppteningen til eigenmelding og sjukepengar. Du må då jobbe i éin månad for å ha rett på sjukmelding og to månader for å ha rett til å bruke eigenmelding.

Når kan du bruke velferdspermisjon?

Sjå retningslinja for velferdspermisjon under for rettleing/veiledning.

  • Du kan få inntil 12 arbeidsdagar velferdspermisjon med lønn per kalenderår: LO, Unio, YSAkademikerne
  • Velferdspermisjon blir brukt i dei fleste tilfeller bare ved uventa hendingar, med nokre få unntak, som til dømes. tilvenninga til barn i barnehage, skulefritidsordning (SFO) eller første skuledag: Du har rett på inntil 3 dagar fri i samband med tilvenning i barnehage og SFO. Ved første skuledag gis det fri på timesbasis på inntil 1 dag.

Utfyllande retningslinjer for velferdspermisjon ved NTNU

Dato: 01.06.2011

Hovudtariffavtalen § 22 gir adgang til å tilstå tenestefri med lønn ut i frå velferdshensyn:

”Når viktige velferds- og omsorgsgrunner foreligger, kan en arbeidstaker tilstås velferdspermisjon med lønn i inntil 12 arbeidsdager. Dersom arbeidstakeren selv ønsker og tjenesten tillater det, kan arbeidsgiver samtykke i fleksibelt uttak av permisjonsdagene.”

Kva som skal reknas som viktige velferds- og omsorgsgrunnar er tekne opp med fakulteta og med tenestemanns-organisasjonane, og på bakgrunn av dette er det fastsett følgjande retningslinjer for velferdspermisjoner ved NTNU:

Det viktigaste prinsippet er at næraste leiar skal foretek ein konkret vurdering av den tilsettes behov. Dette betyr at søknader som er basert på tilsynelatande like søkergrunnlag kan bli behandla ulikt. Når søknadene skal behandlast, skal det til dømes takast omsyn til reiseavstandar (sjå nedenfor om dødsfall), eventuelt manglande nettverk som elles kunne ha virka avlastande osv.

  • Søknader basert på hendingar som er føreseielege skal normalt vere vanskelegare å imøtekomme enn uventa situasjonar. I slike føreseielege (forutsigbare) situasjonar vil det normalt vere mogleg å avspasere eller benytte feriedagar. Dette betyr til dømes at planleggingsdagar i barnehage og skulefritidsordninger, konfirmasjon, giftarmål osv. vanlegvis ikkje skal kunne føre til velferdspermisjon.
  • Unntak frå dette hovudprinsippet gjeld for tilvenninga til barn i barnehage og skulefritidsordning, og for første skuledag: For tilvenning i barnehage og skulefritidsordning blir det gitt fri på timebasis på til saman inntil 3 fulle dagar avhengig av det konkrete behovet. For første skuledag skal det tilsvarande givast fri på timebasis på inntil 1 dag.
  • Søknader basert på hendingar som allereie er dekte opp gjennom andre ordningar skal ikkje gi grunnlag for velferdspermisjonar. Dette betyr til dømes at etter- og vidareutdanning, kurs og liknande ikkje gir grunnlag fordi fri så lenge dette allereie er ivaretatt gjennom eigen særavtale.
  • Uventa hendingar av ein stor nok betydning for den tilsette skal derimot kunne lede til velferdspermisjonar. Døme på dette er særlig ved sjukdom og dødsfall. Medan fråvær pga. eigen sjukdom eller sjukdom til eigne barn innanfor visse grenser er varetekne med eigne ordningar, bør søknad om velferdspermisjon når barn har vært sjuke over ut over dette kunne imøtekommast.
  • Likeins bør det normalt kunne givast velferdspermisjon ved alvorlig sjukdom eller anna omsorgsbehov i næraste familie. Typiske døme her vil vere sjukdom og omsorgsbehov hos ektefelle/sambuar, eigne foreldre osv. Også dødsfall blant dei næraste skal kunne gi velferdspermisjon. Her vil behova variere fra situasjon til situasjon – ikkje minst pga. ulike reiseavstandar. Ved søknader på slikt grunnlag må det derfor gjerast ein rimelighetsvurdering.
  • Langvarig regelmessig behandling hos lege, psykolog, familieterapeut, fysioterapeut, kiropraktor og liknande som ikkje naturlig fell inn under moglegheit for lønt korttidsfråvær i samband med lege- og tannlegebesøk vil kunne gi velferdspermisjon.
  • I vurderinga av søknader skal og takast omsyn til kva livsfase arbeidstakaren er i. Ulike livsfasar skaper ulike behov for velferdspermisjonar.
  • Statens Personalhåndbok har føresegner/bestemmelser om at tenesta skal takas vare på i samband med søknader om velferdspermisjon ”… og tjenesten tillater det.” NTNU ønskjer likevel at det berre er behovet arbeidstakerane som skal vektleggjast i vurderinga av søknaden.
  • Prinsippet om at ein ved føreseielege (forutsigbare) hendingar skal ta i bruk avspasering eller feriedagar føreset (forutsetter) ei fleksibel haldning hos næraste leiar.

Lovverk

Kontakt

Har du spørsmål om denne permisjonen? Kontakt Tenestesenteret.