Fastsetjing av opptakskrav til studieprogram - Kunnskapsbasen
Fastsetjing av opptakskrav til studieprogram
Hovedside: Utdanningskvalitet
Se også: Retningslinjer i kvalitetssystemet
På denne sida finn du informasjon om korleis ein fastset opptakskrav til studieprogram. Dette er aktuelt både ved etablering av nye studietilbod og når ein skal endre opptakskrav for eksisterande studieprogram. Sjå innhaldsoversikta til høgre for oversikt og enklare navigering.
Krav til opptak blir regulert gjennom forskrift om opptak til høgare utdanning, forskrift om krav til mastergrad og NTNU si forskrift om opptak.
Kvart studieprogram skal ha eitt opptakskrav som beskriv både generelle og spesifikke krav til forkunnskap som er naudsynt for å gjennomføre læringsaktivitetane i programmet og tileigne seg læringsutbyttet. Alle studentane som blir tekne opp til programmet må tilfredsstille opptakskravet.
Grunnutdanning – opptak på grunnlag av fullført vidaregående skule
Opptakskrava til grunnutdanningar som byggjer på vidaregåande opplæring kjem fram av forskrift om opptak til høgare utdanning.
Normalt er det krav om generell studiekompetanse eller anna bakgrunn som er rekna som likeverdig. For opptak til enkelte studieprogram er det i tillegg spesielle opptakskrav (t.d. krav om spesifikke realfag eller karakterkrav i bestemde fag) og/eller krav om opptaksprøve.
Spesielle opptakskrav blir fastsette av Kunnskapsdepartementet. NTNU må søkje departementet om spesielle opptakskrav innan 1. mars. Departementet vurderer når nye spesielle opptakskrav kan tre i kraft. Saksgangen er nærare beskriven på eiga side om endring av opptakskrav (sjå nedst på denne sida).
Påbygging – opptak på grunnlag av fullført bachelorgrad eller tilsvarande
Denne kategorien inkluderer all utdanning som byggjer på fullført bachelorgrad, inkludert 2-årig master, erfaringsbasert master og vidareutdanningar.
2-årig master (120 studiepoeng)
Det generelle opptakskravet er fullført bachelorgrad eller tilsvarande grad eller yrkesutdanning av minimum tre års omfang, jf. forskrift om krav til mastergrad § 3.
Krav til fordjuping
I opptaksgrunnlaget må det inngå ei fordjuping på minimum 80 studiepoeng, eller integrert yrkesretta utdanning på minimum 120 studiepoeng, innanfor fagområdet for mastergrada. Fakultetet definerer kva fagområde som gir grunnlag for opptak. Dette skal også komme fram i søknad om etablering av nytt masterprogram.
Ettersom krava til fordjuping er minimumskrav, kan det stillast ytterlegare krav til spesifikke emne som må vere bestått for å få opptak til masterprogrammet.
Særskilte krav for opptak til 2-årig masterprogram i teknologi
Dei som blir tekne opp til eit 2-årig masterprogram i teknologi basert på 3-årig ingeniørutdanning, må ha bestått emne i matematikk og statistikk med eit omfang på minimum 30 studiepoeng, jf. NTNU si forskrift om opptak § 30 (6). Dersom fullført masterprogram gir rett til tilleggsnemninga sivilingeniør på vitnemålet, er dette eit absolutt krav for opptak.
Karakterkrav
Det kan stillast faglege minstekrav, i form av karakterkrav, ved opptak. Karakterkrav må fastsetjast i god tid. Dette er naudsynt for at dei som går på bachelorutdanning kan ha moglegheit for å forbetre karakterar, og dermed kunne innrette seg etter nye krav. Karakterkrav må vedtakast minst eitt år før iverksetjing. Rektor vedtek karakterkrav for 2-årige masterprogram i teknologi, medan fakultetet sjølv vedtek slike krav for masterprogram innan andre utdanningsområde.
Opptak til studieretningar innanfor studieprogram
Nokre masterprogram har to eller fleire studieretningar, som anten veljast frå start eller undervegs i studieløpet. Normalordninga er at det skal vera eitt felles opptakskrav for studieprogrammet, som gjeld for alle studieretningane.
Det er formelt sett mogleg å ha direkte opptak til studieretning frå starten av programmet, og då fastsetje ulike opptakskrav til studieretningane. Denne løysinga blir avrådd, mellom anna av omsyn til marknadsføring, administrasjonskostnader, studiemiljø og identitetsbygging.
Enkelte masterprogram har ulike studieretningar i seinare studieår, som studentane kan søkje på etter at dei har komme inn på og gjennomført delar av programmet. For slike program kan det for opptak til studieretninga berre bli stilt krav om eventuelle valemne studenten må ha teke etter opptak i programmet. Det kan ikkje stillast differensierte krav i opptaksgrunnlaget til programmet, for at studenten skal kunna velje ei gitt studieretning i seinare årskurs.
Erfaringsbasert master (90 eller 120 studiepoeng)
Det generelle opptakskravet er fullført bachelorgrad eller tilsvarande grad eller yrkesutdanning av minimum tre års omfang. I tillegg krevst minst to års relevant yrkespraksis, jf. forskrift om krav til mastergrad § 5.
Fakultetet vurderer kva som er relevant yrkespraksis, og kan for kvart enkelt masterprogram fastsetje krav om lengre yrkespraksis. Det er derimot ikkje høve til å krevje mindre enn to års yrkespraksis.
Krava til fordjuping er dei same som for 2-årig master. Det same gjeld også dei særskilde krava til masterprogram i teknologi, karakterkrav og opptakskrav til studieretningar.
Andre vidareutdanningar som byggjer på fullført grad
For vidareutdanningar som fører fram til ei mastergrad, gjeld informasjonen over om opptak til erfaringsbasert master.
For vidareutdanningar som ikkje fører fram til ei mastergrad, fastset fakultetet sjølv opptakskrava.
Desse skal gjerast kjent i studieplanen eller emneskildringa, jf. NTNU si forskrifta om opptak § 28.
Ver merksam på at nokre vidareutdanningar er regulerte av nasjonal rammeplan, som kan innehalde minstekrav for opptak.
Opptakskrav til ph.d.-program
Det generelle opptakskravet til ph.d.-utdanning er fullført mastergrad. Søkjaren skal ha ein sterk fagleg bakgrunn frå det tidlegare studiet sitt, og ha ein gjennomsnittskarakter dei siste to år av mastergradstudiet eller tilsvarande utdanning som er lik B eller betre. Søkjarar med svakare karakterbakgrunn kan får opptak dersom det blir dokumentert at kandidaten er særskild eigna til ei ph.d.-utdanning.
Krava til opptak er regulert av § 6 i ph.d.-forskrifta. Dei ulike fakulteta kan ha eigne utfyllande retningsliner som ytterlegare spesifiserer krava. Sjå eiga nettside om reglement for doktorgradsutdanning.
Krav til finansiering
Ph.d.-kandidatar må òg dokumentere finansiering. Rektor har vedteke retningsliner av 3. september 2018 om at ph.d.-kandidatar som ikkje er tilsett som stipendiatar, men som ynskjer å ta ph.d. med eigne midlar eller med midlar frå utanlandske finansieringskjelder, må dokumentere at dei har minimum brutto NOK 17 000,- pr. månad for heile studieløpet (tre år nettotid). Vi gjer merksam på at ulike einingar kan ha strengare krav.
Opptakskrav til fellesgradsprogram
Institusjonane som tilbyr ei fellesgrad må bli samde om opptakskrav. Dersom NTNU skal delta i eit konsortium som saman tilbyr eit fellesgradsprogram, er det ein føresetnad at opptakskrava er i samsvar med kva som elles gjeld ved opptak til NTNU.
Endring av opptakskrav
Det er laga ei eiga wiki-side om endring av opptakskrav til studieprogram. Der finn du informasjon om rammer og rutinar for endring av opptakskrav for eksisterande studieprogram.