Wikier

Interne priser...

Språkarbeid - ansattpris

Prisen for språkarbeid høyrer til strategiområdet utvalgte innsatsområder.

Engelsk: Language - employee award

Oversikt: Interne prisar til tilsette

Universitetslektor Tormod Aagaard ved Institutt for språk og litteratur får prisen for språkarbeid. Prorektor Monica Rolfsen overrekte prisen.
Foto: Geir Mogen / NTNU

Formålet med prisen

Prisen for språkarbeid skal vera ei anerkjenning av arbeid som har bidrege til å utvikla den språklege kompetansen til studentar og tilsette. Språkpris skal bidra til å synleggjera gode døme og tiltak, motivera og skapa betre medvit for språkarbeidet, og dessutan bidra til å auka forståinga og interessa for godt språk.

Kriterier for å få prisen

Språkprisen kan gå til enkelttilsette, fagmiljø eller grupper som har gjort ein merkbar innsats for godt språk på NTNU, i tråd med dei språkpolitiske retningslinjene og krava som blir stilte i Språklova. Det vil bli lagt vekt på synlegheit, systematikk, gode resultat og arbeid for kollektivet. Prisen kan anerkjenna arbeid av både formell og uformell karakter innanfor ulike språk og målformer.

Den skal ikkje vera ei påskjøning for lang og tru teneste.

Vurderinga skal baserast på oppnådde resultat dei to–tre siste åra. Forslaget må grunngivast med eit dokument på inntil to sider.

Begrunnelse for årets prisvinnar

Les meir om prisvinnar Tormod Aagaard sitt arbeid og grunngivinga frå juryen. (pdf)

Sjå også Interne prisar til tilsette

Slik blir mottakarane valde ut

Det er NTNUs språkpolitiske utval som utgjer juryen. Utvalet består av følgjande medlemmer:

Tidlegare mottakarar av prisen

  • 2024: Tormod Aagaard, universitetslektor ved Institutt for språk og litteratur

Kontakt

Grete Wolden, saksbehandlar, Kommunikasjonsavdelingen