Wikier

Kunstig...

Eksamen og kunstig intelligens - for faglærar

På ein eksamen skal studenten få høve til å vise at læringsmåla i emnet er nådd, og korleis dei kan ta i bruk og formidle kunnskap, ferdigheiter og kompetanse dei har tileigna seg. På heimeeksamenar og andre eksamensformer, som ikkje er skuleeksamen, vil studentane kunna nytte kunstig intelligens (som Copilot og ChatGPT). Utfordringar og potensiale ved bruk av kunstig intelligens vil vere ulikt frå fag til fag, og på denne sida finn du inspirasjon til å undersøkje moglegheitene både pedagogisk og med tanke på utforming av oppgåvesett, som ikkje lett lèt seg løyse ved hjelp av KI-ar åleine.

English version:Exams and artificial intelligence - for faculty

Som tilsett ved NTNU har ein ikkje lov – i samsvar med GDPR – å utveksla data med amerikanske teknologiverksemder der det ikkje ligg føre ein avtale med databehandlar. NTNU har databehandlaravtale for Copilot. Både studentar og tilsatte har tilgang til dette verktøyet.

Les sak i Gemini.no med innspill fra fageksperter fra NTNU: Blir eksamen rettferdig når ChatGPT er på banen?

Rektorvedtak: Endring av rektorvedtak og tekst knyttet til bruk av kunstig intelligens og juks på eksamen

Utforming av eksamensoppgåver

Dei ulike samtalerobotane er i konstant utvikling og blir raskt betre og betre til å svare på spørsmål og «reflektere» over problemstillingar. Inntil vidare er det ein del ting som dei ikkje meistrar i noka imponerande grad. Universitetet i Agder viser til 15 døme på ting ChatGPT ikkje klarar

Tips til utforming av eksamensoppgåver

Her finn du ei rekkje tips til å lage oppgåvesett, som ikkje lèt seg løysa av KI aleine:

Oppgåver som krev godt kjennskap til pensum: Sidan samtalerobotane sannsynlegvis ikkje kjenner alt litteratur på pensum, vil oppgåver som krev inngåande kjennskap til pensum (med forventeleg og korrekt vitskapleg tilvisingspraksis) gjere det vanskeleg å bruke KI i svaret. Dette gjeld spesielt nyare skandinavisk litteratur.

Varierte oppgåver: Oppgåver beståande av ulike format innan informasjon, kjeldegrunnlag, analyseobjekt osb. Samtalerobotane er inntil vidare best på å jobbe med tekst, derfor kan allsidig oppgåver med t.d. lyd- og videofiler, bilete og grafar vere vanskeleg å bruke samtalerobotar åleine til å svare på.

Ta utgangspunkt i eigne erfaringar og vurderingar: Ved å be studenten ta utgangspunkt i ein spesifikk kontekst og partikulære tilfelle, kan dei i større grad få vist fram ferdigheiter, kunnskap og kompetanse.

Bruk ein case: La ein ukjend case vera basis/objekt for svaret. (Sjå videoen «5 tips tips til heimeeksamen for undervisarar» under Ressursar lengre nede på sida)

Varierte svarformer: Sidan samtalerobotane er best på å generera tekst, kan ein be studentane å levere oppgåver i andre format enn berre tekst, som lyd og video, der dette er mogleg og meiningsfullt. Krev komplekse, nyanserte svar, til dømes ved å nytte spesifikt, teknisk fagspråk og terminologi.

Metarefleksjon kring eigen prosess og svar: Ved sluttvurdering, be studentane om å reflektere over prosessen og resultatet. Refleksjonane kan vere kring data-/kjeldeinnsamling, oppbygging av svaret/teksten, kritiske vurderingar om innhald, grunnar for å velgje bort innhald, alternative tilgangar, kva ein innsåg undervegs osb. Metarefleksjonen kan leverast skriftleg, men også som lydfil eller som video. MERK: Denne løysinga går berre an på eksamenar der studentane ikkje er anonyme. Snakk med ein studiekonsulent, viss du er i tvil.

I Inspera

Eksamensprogrammet Inspera Assessment tilbyr ei rekkje ulike oppgåvetyper, som gjer allsidige oppgavesett mogleg. Det er også mogleg å laste opp bilete, lydfilar med fleire, som noko av det som skal bli behandla i oppgåva.

Ta kontakt med Eksamensenheten ved Avdeling for studieadministrasjon ved behov for hjelp og sparring.

Fjusk og plagieringskontroll

Fjusk vil seie at ein bruker tekst eller innhald som nokre andre har laga og lèt som ein har skrive eller laga det sjølv. Det er til dømes plagiat å bruke materiale som nokre andre har laga utan å bruke kjeldetilvisingar. Det er også fjusk å skrive av frå kjelder på nettet, oppgåvene til andre, fagbøker, artiklar utan å markere tydeleg for sitat og kvar sitata eller innhaldet er henta frå. Det same gjeld viss ein bruker kunstig intelligens-verktøy (som Copilot, ChatGPT eller liknande) utan at det er vist til verktøyet.

Per i dag (mars 2024) kan NTNU sitt system for plagiatkontroll, Ouriginal, ikkje avdekkje bruken av KI åleine i eit svar.

Her kan du lese meir om plagieringskontroll ved NTNU.

Ressursar (lenker til wikisida om det)