Nynorsk ved NTNU - Kunnskapsbasen
Nynorsk ved NTNU
NTNU skal følgje mållova. Det vil seie at minst 25 prosent av tekstane på nett og i trykksaker skal vere på nynorsk, og at alle som skriv til NTNU, skal få svar i same målform. Nynorskkravet gjeld ikkje for interne tekstar retta mot tilsette.
Innholdsfortegnelse [-]
Reglar for målbruk ved NTNU
Reglane i mållova omfattar mellom anna brev, nettsider, skjema, pressemeldingar og eksamensoppgåver.
Brev og e-post
Studentar og andre privatpersonar skal alltid få svar i same målform som den dei sjølve nyttar.
Nettsider og sosiale medium
Nettsidene og dei sosiale media skal ha minst 25 prosent nynorsk
Unntak: Nynorskkravet gjeld ikkje for informasjon retta mot tilsette.
Trykte tekstar og dokument
Minst 25 prosent nynorsk av den samla mengda brosjyrar, annonsar, studieinformasjonsmateriell og andre trykte tekstar gjennom eit år skal vere på nynorsk.
Unntak: Forskingsrapportar og interne dokument.
Redaksjonelt stoff
Periodiske publikasjonar skal ha minst 25 prosent nynorsk av det samla sidetalet per årgang.
Unntak: Lesarinnlegg og signerte artiklar som ikkje er skrivne av redaksjonen eller tilsette i staten.
Skjema og faste formular
Alle skjema for studentar og andre brukargrupper skal vere tilgjengelege både på bokmål og nynorsk. Studentar som ønskjer det, skal få karakterutskrifter og vitnemål på nynorsk.
Eksamensoppgåver
Eksamensoppgåver skal som hovudregel vere tilgjengelege både på bokmål og nynorsk. Sjå Språk og målform på eksamensoppgåve
Omsetjing til nynorsk
NTNU ønskjer å auke bruken av nynorsk ved universitetet. Vi har rammeavtale med Semantix Translations Norway, og dei skal nyttast ved alle oppdrag frå NTNU der det er behov for å kjøpe omsetjings- eller språkvasktenester.
Ta elles kontakt med kommunikasjonsansvarleg eller nettredaktør ved eininga di for tips og råd om omsetjing til nynorsk.
NTNUs einingar på nynorsk
Alle einingar i statsorgan skal ha namn på både bokmål og nynorsk. Her finn du oversikt over NTNUs einingar på nynorsk.
Finne statistikk for nynorsk på NTNUs nettsider
For nettredaktørar og tilsette ved Kommunikasjonsavdelinga – sjå rettleiing for korleis du kan finne nynorske nettsider ved di eining.
Språkrådet og nynorsk
Språkrådet har gode sider med råd og vink for grenselandet mellom bokmål og nynorsk, i tillegg til reine råd om skrivemåtar m.m.
Sjå også:
Child Pages (2)
-
NTNUs einingar på nynorsk
Her finn du nynorske namn på NTNUs einingar. Se også: Enhetsnavn på norsk bokmål | Enhetsnavn på engelsk språk Innholdsfortegnelse [-] Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) Det...
-
Statistikk i Siteimprove - Nynorske nettsider
Rettleiing – Korleis finne kvar mange nettsider din eining har på nynorsk. For nettredaktørar og brukarar av Siteimprove. I Siteimprove vel du «policy» i venstremenyen og vidare «mine policyar»....