Wikier

NTNU Sak - Om...

NTNU Sak Innføring delprosjekt

NTNU Sak Innføring delprosjekt

I NTNU Sak Innføring delprosjekt jobbet med å utarbeide og gjennomføre opplæring og brukarstøtte ved innføring av ny saksbehandlingsløysing. I tillegg skulle delprosjektet sørge for at organisasjonen er involvert i innføringsarbeidet for å bidra til at NTNU sine tilsette, studentar og eksterne samarbeidspartnarar er tilstrekkeleg førebudde på endringane.

Delprosjekt for innføring har desse arbeidspakkane:

  1. Kommunikasjon, involvering og førebuing av organisasjonen
  2. Etablering av brukarstøtte for saksbehandling
  3. Opplæring av drifts- og forvaltningsroller
  4. Opplæring av leiarar og saksbehandlarar
  5. Ta i bruk tilgangsstyring og tilgangsbestilling

Nysgjerrig på korleis vi jobbar?

Vi jobbar i sprintar, som er avgrensa periodar der vi set opp klare mål for kva vi skal oppnå for å komme vidare i arbeidet med leveransane våre som innføringsteam. Når vi er ferdige med ein sprint på fire veker, gjennomfører vi tilbakeblikk på sprinten, der vi legg fram måloppnåingar, korleis vi har jobba og kva vi har lykkast og ikkje lykkast med.