Wikier

Strategi og...

HF - Periodeplan 2023 - 2026

Tiltak for 2023 i periodeplan for Det humanistiske fakultet

Utviklingsavtalen med Kunnskapsdepartementet er eitt viktig strategidokument for NTNU. I tråd med eit styrevedtak i juni 2022, er årsplanane ved NTNU erstatta med ein periodeplan med same planperiode som utviklingsavtalen. Måla frå utviklingsavtalen er inkluderte i periodeplanen. I tillegg inneheld planen eit oversyn over dei satsingane og prioriteringane som er Det humanistiske fakultetet sitt bidrag i arbeidet med å nå desse måla. Nedanfor beskriv vi satsingar og tiltak som er særskild prioriterte ved Det humanistiske fakultetet i 2023. I tillegg til dei fakultetskoordinerte tiltaka, har institutta òg utarbeidd eigne tiltak.


Utviklingsmål 1:

NTNU skal utvikle si rolle som pådrivar og partnar for berekraftig samfunnsutvikling

Styringsparameter 1:

NTNU nyttar hovudprofilen og den faglege breidda til å utdanne kandidatar med berekraft- og omstillingskompetanse

A. Rekruttere godt kvalifiserte studentar

  • Alle studieprogramsidene skal være fullstendig oppdatert innan utgangen av 2023
  • Revidere handlingsplanen for studentrekruttering ved HF
  • Opprette og bruke sosiale medier-kanal for rekruttering til studieprogramma våre
  • Fagvalgsdag og karriereutstilling som internrekrutteringstiltak

Styringsparameter 3:

NTNU gjennomfører Framtidas teknologistudiar og Framtidas HUMSAM-studiar

A. Gjennomføre anbefalingane i sluttrapporten til framtidas HUMSAM i porteføljebestillinga

  • Framtidas studieportefølje ved HF: Gjennomgå alle studieprogram med tanke på fagleg og økonomisk berekraft med hovudvekt på studieprogram som over tid ikkje fyller studieplassane
  • Utarbeide tydelegare kompetanseprofilar i disiplinprogramma.

B. Følgje opp rapporten frå arbeidsgruppa om overførbare ferdigheiter

  • Revisjon av felles kurs i vitskapsteori og etikk
  • Førebu og starte opp periodisk evaluering
  • Gjennomføre planlagte arrangement om open vitskap og forskingsleiing

Styringsparameter 4:

NTNU skaper innovasjon, utvikling og omstilling ved at forskingsbasert kunnskap og ny teknologi blir tatt i bruk

B. Gjere innovasjonsaktiviteten ved HF synleg

  • Ny og oppdatert nettside
  • Innovasjonsdag
  • Lage og dele innovasjonsforteljingar
  • Workshop med universitetskommunen TRD 3.0

C. Øke antalet samarbeidsprosjekt med arbeidslivet, primært med Universitetskommunen TRD 3.0

  • Gjere kontaktinformasjonen lettare tilgjengeleg

Utviklingsmål 2:

NTNU skal styrke lærings- og arbeidsmiljøet og utvikle tilsette sin kompetanse

Styringsparameter 5:

NTNU skal vere eit føregangsuniversitet for berekraft i eiga drift

A. Gjere retningslinene for reiseverksemd ved NTNU kjent på HF

  • Innsida-melding med lenkje til sida om retningslinjene i kunnskapsbasen (wiki)
  • Orientere instituttleiarmøtet og det administrative leiarforumet

B. Prioritere ressursar til oppfølging av ARK-undersøkinga

  • Øyremerking av arbeidstid og pengar

Styringsparameter 6:

NTNU styrker læringsmiljøet til studentane for å legge til rette for auka læring og trivsel

A. Forbetre det psykososiale læringsmiljøet til studentane og studiestarten som fagleg og sosial arena

  • Avslutningsseremoniar for alle gradsstudentar (instituttnivå)
  • Systematisk bruk av studentassistentar i studiestarten for auka fagleg og sosial integrering

C. Ta i bruk eit breiare spekter av lærings- og vurderingsformer

  • Felles seminar for utdanningsutvalet og studieprogramleiarforumet ved HF for å stimulere til auka variasjon i vurderingsformer

Styringsparameter 7:

NTNU utviklar attraktive campusar og infrastruktur som bidreg til framifrå lærings-og arbeidsmiljø og høg fagleg kvalitet

A. Oppretthalde og ta vare på læringsareala våre fram til flytting

  • Systematisk oppfølging i samarbeid med NTNU Eiendom og SU (felles husråd)
  • Etablere rutiner for medverknad frå fagmiljøa og studentane ved ombygging av undervisings- og læringsareal på Dragvoll

Styringsparameter 8:

NTNU arbeider systematisk for å utvikle tilsette sin kompetanse og karriere

B. Systematisk karriereplanarbeid for alle tilsette

  • Inkludere i medarbeidarsamtalane for alle tilsette
  • Leiarutvikling for administrative leiarar

C. Auke antalet søknadar om status som merittert undervisar

  • Etablere møteplass for erfaringsutveksling om merittering

Utviklingsmål 3:

NTNU skal utvikle seg som leiande, internasjonalt universitet

Styringsparameter 9:

NTNU legg til rette for at vesentleg fleire faggrupper etablerer seg på eit dokumentert høgt internasjonalt nivå

A. Systematisere arbeidet med kollektiv forskingskultur, med hovudvekt på forskargrupper og -nettverk

  • Felles kickoff og individuelle oppstartsmøte med nyetablerte grupper og nettverk
  • Ny utlysing av strategiske midlar til forskargrupper og –nettverk
  • Ny open utlysing av stipendiatstillingar med tydeleg kopling til grupper og nettverk

B. Utvikle strukturelle tiltak for å frigjere meir samanhengande tid til forsking

  • Pilot på Institutt for språk og litteratur

Styringsparameter 11:

NTNU utviklar og deler kunnskap og teknologi som bidreg til å møte globale utfordringar

B. Styrke rammevilkåra for og rolla til kunstfaga

  • Avklare grenseoppgangane mellom praktisk-teoretiske og kunstnarlege ph.d.-prosjekt
  • Vidareutvikling av ph.d.-programmet i kunstnarleg utviklingsarbeid, inkludert miljøbygging
  • Periodisk evaluering av ph.d.-programmet i kunstnarleg utviklingsarbeid
  • Ferdigstilling av prosjekt om økonomisk berekraft ved Institutt for musikk (IMU-prosjektet)
  • Lage og dele forteljingar om kunstnarleg verksemd

Styringsparameter 12:

NTNU stimulerer til internasjonal mobilitet og rekruttering som sikrar mangfald og kvalitet

A. Inngå avtalar om studentutveksling med nokre få utvalde europeiske universitet

  • Identifisere aktuelle lærestadar for studentutveksling
  • Ferdigstille avtale med University of Durham

B. Inkludere forskingsbasert kunnskap om likestilling og mangfald i arbeidet med å vidareutvikle tilsettingspolitikken ved fakultetet

  • Etablere eit råd for likestilling og mangfald, inkludert mandat
  • Etablere og revidere malar og rutinar
1087 Visninger