Wikier

Hjelp til å utvikle undervisningen

Se også:

Ta kontakt straks du har ein idé!

Som undervisar og leiar på NTNU er det ofte slik, at ambisjonane og ønskjene om utvikling er så omfattande at ein ikkje kan gjere arbeidet i ramma av normal arbeidstid. Då finst det ei rekkje mogelegheiter til å etablere og gjennomføre utviklinga i ramma av eit prosjekt. Seksjon for læringsstøtte og digitale tjenester vil gjerne snakke med deg når du får den første idéen, slik at vi kan nytte erfaringane våre til å utforske mogelegheitene i lag med deg.

Kva kan du få hjelp med?

Ved Seksjon for læringsstøtte kjenner vi til pedagogiske mogelegheiter, relevante digitale verktøy og tenester, saman med ny teknologi, som kan vere verdifulle i å sette gode mål og rammer for prosjektet. I tillegg kan vi støtte deg i å finne gode kjelder til finansiering, og å utvikle søknader; både til interne insentivordningar og til nasjonale og internasjonale ordningar og organ. Dømer er NTNU Toppundervisning, HK-dir sine utlysingar, saman med EU sine program.

Korleis arbeider vi?

Når vi samarbeider med deg, vil vi forstå både idéen og den faglege ståstaden så godt vi kan, slik at vi kan stå i lag med deg og drive det vi kallar fagintegrert utvikling. I dette nyttar vi og alle kontaktane vi har i nettverket vårt, både internt på NTNU og nasjonalt. Slik sørgjer vi for at bidraget vårt er basert på det fremste, og at vi nyttar alle relevante kompetansar best mogeleg.

Dømer på interessante prosjekt

Her kan du sjå erfaringar frå ei rekkje utdanningsprosjekt, som er gjennomført i ramma av NTNU Toppundervisning. Vi har jobba tett med mange av desse prosjekta.