HF - Periodeplan 2025-2028 - tiltak for 2025 - Kunnskapsbasen
HF - Periodeplan 2025-2028 - tiltak for 2025
Utviklingsavtalen med Kunnskapsdepartementet er eitt av dei viktigaste strategidokumenta for NTNU. I tråd med eit styrevedtak i juni 2022, er årsplanane ved NTNU erstatta med ein periodeplan med same planperiode som utviklingsavtalen. Måla frå utviklingsavtalen er inkluderte i periodeplanen. I tillegg inneheld planen eit oversyn over dei satsingane og prioriteringane som er Det humanistiske fakultetet sitt bidrag i arbeidet med å nå desse måla. Nedanfor beskriv vi satsingar og tiltak som er særskild prioriterte ved Det humanistiske fakultetet i 2025.
Innholdsfortegnelse [-]
Utviklingsmål 1: NTNU skal utvikle si rolle som pådrivar og partnar for berekraftig samfunnsutvikling
Styringsparameter 1: NTNU nyttar hovudprofilen og den faglege breidda til å utdanne kandidatar med berekraft- og omstillingskompetanse
A. Rekruttere fleire godt kvalifiserte studentar
B. Alle studieprogram skal inkludere komponentar som adresserer samfunnsutfordringar
Styringsparameter 2: NTNU styrkar tilbodet om livslang læring
A. Utvikle fleksible studietilbod med tanke på livslang læring
Styringsparameter 3: NTNU gjennomfører Framtidas teknologistudiar og Framtidas HUMSAM-studiar
A. Gjennomføre anbefalingane i sluttrapporten til framtidas HUMSAM i porteføljebestillinga
Styringsparameter 4: NTNU skaper innovasjon, utvikling og omstilling ved at forskingsbasert kunnskap og ny teknologi blir tatt i bruk
A. Inkludere digital kompetanse i alle studieprogram
B. Leggje til rette for at mest mogleg kunnskap blir tatt i bruk, blant anna gjennom nyskapings- og samarbeidsprosjekt med arbeidslivet
Styringsparameter 5: NTNU skal vere eit føregangsuniversitet for berekraft i eiga drift
A. Sikre miljøvenleg, økonomosk gunstig og sikker handtering av IT-utstyr og infrastruktur
Utviklingsmål 2: NTNU skal styrke lærings- og arbeidsmiljøet og utvikle tilsette sin kompetanse
Styringsparameter 6: NTNU styrker læringsmiljøet til studentane for å legge til rette for auka læring og trivsel
A. Ta i bruk eit breiare spekter av lærings- og vurderingsformer, inkludert bruk av kunstig intelligens
B. Forbetre det psykososiale læringsmiljøet til studentane og studiestarten som fagleg og sosial arena
C. Inkludere fleire studentar i forskningsprosjekt- og grupper
Styringsparameter 7: NTNU utviklar attraktive campusar og infrastruktur som bidreg til framifrå lærings-og arbeidsmiljø og høg fagleg kvalitet
A. Skape rammevilkår for høg fagleg kvalitet ved å videreutvikle framifrå lærings- og arbeidsmiljø, inkludert gode arbeids- og læringsareal ved ny campus.
Styringsparameter 8: NTNU arbeider systematisk for å utvikle tilsette sin kompetanse og karriere
A. Systematisk leiarutvikling
B. Etablere ein struktur med klart definerte roller, ansvars- og oppgåvefordelingar for dei administrative tenestene, slik at mogleiken til kompetanseheving og langsiktig karriereutvikling for alle tilsette blir større
Utviklingsmål 3: NTNU skal utvikle seg som leiande, internasjonalt universitet
Styringsparameter 9: NTNU legg til rette for at vesentleg fleire faggrupper etablerer seg på eit dokumentert høgt internasjonalt nivå
A. Vidareføre arbeidet med kollektiv forskingskultur, med hovudvekt på forskargrupper og -nettverk
Styringsparameter 10: NTNU utviklar og styrkar samarbeid og partnarskap med internasjonalt leiande fagmiljø
A. Inngå avtalar om forskingssamarbeid med internasjonalt leiande og utvalde europeiske universitet
Styringsparameter 11: NTNU utviklar og deler kunnskap og teknologi som bidreg til å møte globale utfordringar
A. Styrke rammevilkåra for og rolla til kunstfaga
B. Auke antalet søknadar om finansiering til samarbeidsprosjekt med ikkje-akademiske partnarar
Styringsparameter 12: NTNU stimulerer til internasjonal mobilitet og rekruttering som sikrar mangfald og kvalitet
A. Inkludere forskingsbasert kunnskap om likestilling og mangfald i arbeidet med å vidareutvikle tilsettingspolitikken ved fakultetet
Tiltak
Oversikt over tiltak for 2025
Tiltak 2025 | Område | Tema | Utviklingsmål |
---|---|---|---|
Evaluere studentrekrutteringsarbeidet ved HF | Studie | Rekruttere og behalde | 1A, 6A |
Revidere planen for arbeidet med studentrekruttering | Studie | Rekruttere og behalde | 1A, 6A |
Auke synligheita i sosiale medium | Studie | Rekruttere og behalde | 1A, 6A |
Vidareføre arbeidet med Fremtidens studieportefølje ved HF med vekt på fagleg og økonomisk berekraft, samfunnsrelevans og kvalitet | Studie | Studieportefølje | 2A, 3A, 4A |
Gjennomføre prosjektet Framtidas mastergradsportefølje ved HF | Studie | Studieportefølje | 2A, 3A, 4A |
Fortsette arbeidet med SU og Eiendom om vedlikehald av noverande og etablering av gode framtidige lærings- og fellesareal for studentar og tilsette ved HF | Studie | Læringsareal | 7A |
Analysere resultatet etter kartlegginga av kva type forebyggande arbeid dei ulike institutta gjer for stipendiatar med høg risiko for sjukmelding | Doktorgrad | Sjukefråvær | 7A |
Samanstille og analysere informasjonen frå innhentinga av erfaringar og inntrykk frå dei som følgjer opp sjukemelde stipendiatar | Doktorgrad | Sjukefråvær | 7A |
Analysere sjukefråværsstatistikken med utgangspunkt i kull for å unngå den overrepresentasjonen ein får ved å hente ut data for alle tilsette ved eit gitt tidspunkt | Doktorgrad | Sjukefråvær | 7A |
Utarbeide konkrete tiltak basert på analyser | Doktorgrad | Sjukefråvær | 7A |
Utvikle rutine for administrativ støtte av BOA-prosjekt | Forsking | BOA: Kvalitet og tilslag | 7A |
Utvida støtte til forskargrupper som planlegg SFF-søknad | Forsking | BOA: Kvalitet og tilslag | 7A |
Avklare rammer og forventningar for bruk av FoU-tid ved NTNU til kunstnarisk verksemd | Kunst | Rammevilkår | 11A |
Avklare representasjon i nasjonale forum og rutine for påfølgjande informasjonsflyt ved NTNU | Kunst | Rammevilkår | 11A |
Delta i dei nasjonale diskusjonane i regi av UHR-KDA knytt til eksternfinansiering for kunstnarisk utviklingsarbeid | Kunst | Rammevilkår | 11A |
Gjennomføre prosjektet HF-administrasjon 2.0: mot ein smidig og robust administrasjon | Organisasjon | Organisasjons- og karriereutvikling | 8A, 8B |
Evaluere og revidere bruken av sosiale medium | Organisasjon | Omdømme | 4B, 5A, 12A |
Lage rutine for betre utnytting av levetida til det digitale utstyret | Organisasjon | Omdømme | 4B, 5A, 12A |
Inkludere grundigare mangfalds- og likestillingsvurderingar i utlysings- og tilsettingsrutinane ved HF | Organisasjon | Omdømme | 4B, 5A, 12A |
Gi tydeleg og målgruppetilpassa informasjon om pågåande prosessar | Organisasjon | Arbeidsmiljø | 8A, 12A |
Open og jamleg dialog, både gjennom medbestemmingsorgan ved fakultetet og ved andre relevante møteplassar | Organisasjon | Arbeidsmiljø | 8A, 12A |
Vidareutvikle og gjennomføre lokal leiaropplæring ved inngangen til ny leiarperiode | Organisasjon | Arbeidsmiljø | 8A, 12A |