HF - Periodeplan 2024-2027 - tiltak for 2024 - Kunnskapsbasen
HF - Periodeplan 2024-2027 - tiltak for 2024
Utviklingsavtalen med Kunnskapsdepartementet er eitt av dei viktigaste strategidokumenta for NTNU. I tråd med eit styrevedtak i juni 2022, er årsplanane ved NTNU erstatta med ein periodeplan med same planperiode som utviklingsavtalen. Måla frå utviklingsavtalen er inkluderte i periodeplanen. I tillegg inneheld planen eit oversyn over dei satsingane og prioriteringane som er Det humanistiske fakultetet sitt bidrag i arbeidet med å nå desse måla. Nedanfor beskriv vi satsingar og tiltak som er særskild prioriterte ved Det humanistiske fakultetet i 2024. I tillegg til dei fakultetskoordinerte tiltaka, har institutta òg utarbeidd eigne tiltak.
Innholdsfortegnelse [-]
- Utviklingsmål 1: NTNU skal utvikle si rolle som pådrivar og partnar for berekraftig samfunnsutvikling
- Utviklingsmål 2: NTNU skal styrke lærings- og arbeidsmiljøet og utvikle tilsette sin kompetanse
- Utviklingsmål 3: NTNU skal utvikle seg som leiande, internasjonalt universitet
- Tiltak
- Risikovurdering og tiltak
Utviklingsmål 1: NTNU skal utvikle si rolle som pådrivar og partnar for berekraftig samfunnsutvikling
Styringsparameter 1: NTNU nyttar hovudprofilen og den faglege breidda til å utdanne kandidatar med berekraft- og omstillingskompetanse
A. Rekruttere fleire godt kvalifiserte studentar
B. Alle studieprogram skal inkludere komponentar som adresserer samfunnsutfordringar
Styringsparameter 3: NTNU gjennomfører Framtidas teknologistudiar og Framtidas HUMSAM-studiar
A. Gjennomføre anbefalingane i sluttrapporten til framtidas HUMSAM i porteføljebestillinga
Styringsparameter 4: NTNU skaper innovasjon, utvikling og omstilling ved at forskingsbasert kunnskap og ny teknologi blir tatt i bruk
A. Inkludere digital kompetanse i alle studieprogram
B. Gjere innovasjonsaktiviteten ved HF synleg
D. Øke andelen HF-miljø som bidreg til nyskaping
Styringsparameter 5: NTNU skal vere eit føregangsuniversitet for berekraft i eiga drift
A. Prioritere ressursar til oppfølging av ARK-undersøkinga
Utviklingsmål 2: NTNU skal styrke lærings- og arbeidsmiljøet og utvikle tilsette sin kompetanse
Styringsparameter 6: NTNU styrker læringsmiljøet til studentane for å legge til rette for auka læring og trivsel
A. Forbetre det psykososiale læringsmiljøet til studentane og studiestarten som fagleg og sosial arena
B. Inkludere fleire studentar i forskningsprosjekt- og grupper
C. Ta i bruk eit breiare spekter av lærings- og vurderingsformer
Styringsparameter 7: NTNU utviklar attraktive campusar og infrastruktur som bidreg til framifrå lærings-og arbeidsmiljø og høg fagleg kvalitet
A. Oppretthalde og ta vare på læringsareala våre fram til flytting
B. Skape rammevilkår som bidreg til vidareutvikling av framifrå lærings- og arbeidsmiljø og høg fagleg kvalitet ved alle institutt
Styringsparameter 8: NTNU arbeider systematisk for å utvikle tilsette sin kompetanse og karriere
C. Organisere fakultetet slik at mogleiken til kompetanseheving og langsiktig karriereutvikling for alle tilsette blir større
Utviklingsmål 3: NTNU skal utvikle seg som leiande, internasjonalt universitet
Styringsparameter 9: NTNU legg til rette for at vesentleg fleire faggrupper etablerer seg på eit dokumentert høgt internasjonalt nivå
A. Systematisere arbeidet med kollektiv forskingskultur, med hovudvekt på forskargrupper og -nettverk
Styringsparameter 11: NTNU utviklar og deler kunnskap og teknologi som bidreg til å møte globale utfordringar
B. Styrke rammevilkåra for og rolla til kunstfaga
Styringsparameter 12: NTNU stimulerer til internasjonal mobilitet og rekruttering som sikrar mangfald og kvalitet
A. Inkludere forskingsbasert kunnskap om likestilling og mangfald i arbeidet med å vidareutvikle tilsettingspolitikken ved fakultetet
Tiltak
Oversikt over tiltak for 2024
Tiltak 2024 | Område | Utviklingsmål |
---|---|---|
Styrke både ekstern og intern studentrekruttering | Studie | 1A |
Vidareføre arbeidet med Fremtidens studieportefølje ved HF med vekt på fagleg og økonomisk berekraft, samfunnsrelevans og kvalitet | Studie | 1B, 3A, 4A, 6A, 6B og 6C |
Gjennomføre periodisk evaluering av masteremnet Humanistar i praksis | Studie | 1B, 3A, 4B, 4D |
Vidareføre ordning med studenttilsette som jobbar med læringsstøtte, sosiale medium og ein levande campus som eit supplement til dei fagnære studenttilsette som institutta tilsett i undervisningssamanheng. | Studie | 6A |
Fortsette samarbeidet med SU og Eiendom om vedlikehald av lærings- og fellesareal på Dragvoll og med Eiendom om leigde areal i Olavskvartalet og i Fjordgata | Studie | 6A, 7A, 7B |
Forsterke arbeidet med å betre gjennomstrømming og redusere frafall i studieprogramma | Studie | 6A, 6B, 7B |
Utarbeide ein kommunikasjonsplan for prosjektet Framtidas HF - organisasjon 2025 | Organisasjon | 6 |
Etablere sosiale møteplassar | Organisasjon | 6 |
Gi tydeleg og målgruppetilpassa informasjon om konsekvensar av endringar | Organisasjon | 6 |
Gjennomføre prosjektet Framtidas HF - organisasjon 2025 | Organisasjon | 7B, 8C |
Kompetanseheving for leiarar innanfor omstillingsarbeid og oppfølging av eigne tilsette | Organisasjon | 8 |
Allokere ressursar, både menneskelige og i budsjettet, til oppfølging av ARK | Organisasjon | 8 |
Vidareføre årleg fagdag for alle administrativt tilsette ved HF | Organisasjon | 8 |
Inkludere karriereplanlegging i medarbeidar/-utviklingssamtalar | Organisasjon | 8 |
Innovasjonsdag | Nyskaping | 4B |
Etablere eit økosystem for studentinnovasjon på Dragvoll, i samarbeid med SU og BLINK (workshops) | Nyskaping | 4D |
Lage ein plan for inkludering av innovasjonselement i utvalde studieprogram | Nyskaping | 4D |
Samarbeide med UB om kurs som styrker den digitale kompetansen til dei tilsette, med tanke på framtidige BOA-søknadar til innovasjonsverkemiddel | Nyskaping | 4D |
Bidra i arbeidet med å ta i bruk Research Catalogue ved NTNU | Kunst | 4 |
Løfte diskusjonen om kunstnarisk verksemd i FoU-tida i stilling ved NTNU | Kunst | 11B |
Inkludere vitskaplege assistentar i forskargrupper | Forsking | 6B |
Midtvegsevaluering av forskargrupper etter utlysing i 2022 | Forsking | 9A |
Oppstart av forskargrupper etter utlysing i 2023 | Forsking | 9A |
Vidareutvikle kvalitetssikringa av BOA-søknadar | Forsking | 9A |
Tettare oppfølging av kapittela om verknadar og effektar (impact) i BOA-søknadar | Forsking | 9A |
Etablere felles møteplass for postdoktorar og forskarar ved HF | Forsking | 9A |
Oppdatere og publisere informasjon om ph.d.-løpet i kunnskapsbanken | Doktorgrad | 6 |
Gjennomføre og følgje opp periodisk evaluering (både dei vitskaplege programma og PHHKUNST) | Doktorgrad | 6 |
Kartlegge kva type forebyggande arbeid dei ulike institutta gjer for stipendiatar med høg risiko for sjukmelding | Doktorgrad | 7B |
Analysere sjukefråværsstatistikken ved HF med utgangspunkt i kull for å unngå den overrepresentasjonen ein får ved å hente ut data for alle tilsette ved eit gitt tidspunkt | Doktorgrad | 8 |
Open utlysing kopla til forskargrupper | Doktorgrad | 9A |
Risikovurdering og tiltak
Risikovurderinga som er knytt til dei prioritete områda for 2024