Bestilling av standplass og bannerplass - Kunnskapsbasen
Bestilling av standplass og bannerplass
Booking av standplass og bannerplass i Trondheim
Engelsk side: Booking a booth location
Stand- og bannerplassar kan bookast i TP: Ressursbestilling av studentar og ansatte ved NTNU. Der vil du óg kunne sjå når plassane er ledige.
Eksterne aktørar kan ikkje booke standplassar på NTNU. Dersom ei linjeforening bookar og inviterar eksterne aktører til å stå på stand skal dette kunne knytast til NTNUs kjernevirksomhet: Forskning, utdanning, nyskaping og formidling.
Det skal kun være éin stand på kvar standplass.
Bruk av standplassar må ikkje forstyrre annan aktivitet i bygget. Plassar som er booka må benyttast.
Bannerplassar finst kun på Dragvoll, i Realfagbygget og i Sentralbygg 1 og 2.
Kontakt e-vaktmester ved behov for bord, stoler etc.
Kart over stand- og bannerplassar
På karta under kan du sjå kvar stand- og bannerplassane ligg:
- Sentralbygg I
- Sentralbygg II
- Realfagbygget et. 1
- Realfagbygget et. U1
- Elektrobygget
- Standplasser Dragvoll, Bannerplasser Dragvoll
- Adolf Øien-bygget
- Akrinn 1. et.
- Helgasetr
- Utandørs Gløshaugen
Korleis booke stand- og bannerplass
Rettleiingane under viser standplassar, men ein bookar bannerplass på same måte.
Booking av stand- og bannerplass gjerast under Ressursbestilling i TP
Velg «Standplasser» under «Velg sted»
Du vil nå få valet mellom «Velg tidspunkt først» og «Velg ressurs først». Under visast framgangsmåten når du vel tidspunkt først, men du gjer det same viss du vel ressurs først, berre i motsett rekkjefølge.
Viss du vel tidspunkt først, får du moglegheita til å velje startdato/klokkeslett og sluttdato/klokkeslett.
Etter at du har valt tidspunkt, får du moglegheit til å velje kva for stand du ønsker å bestille.
Etter at du har valt stand, må du skrive inn ein kommentar med informasjon om kva som skal vere på standen før du kan trykke «Bestill».
Du får da ei bekrefting på at stand er bestilt:
Her har du óg moglegheit til å redigere bestillinga i tillegg til å slette den:
Kontakt
Eiendomsavdelingen: NTNU hjelp
Bestille standplass i fellesareal Ålesund
Fellesområdet Vrimla i hovedbygningen Ankeret i Ålesund er området for utstillinger og større vrimle-arrangement hos NTNU i Ålesund. Standplass bookes via Studentparlamentet. Send e-post i god tid til alesund@studenttinget.ntnu.no