Wikier

Bestilling av standplass og bannerplass

(Videresendt fra Bestilling av standplass)

Booking av standplass og bannerplass

Engelsk side: Booking a booth location

Stand- og bannerplassar kan bookast i TP: Ressursbestilling av studentar og ansatte ved NTNU. Der vil du óg kunne sjå når plassane er ledige. Eksterne aktørar kan ikkje booke standplassar på NTNU. Dersom ei linjeforening bookar og inviterar eksterne aktører til å stå på stand skal dette kunne knytast til NTNUs kjernevirksomhet: Forskning, utdanning, nyskaping og formidling.
Bannerplassar finst kun i Realfagbygget og i Sentralbygg 1 og 2.

Kart over stand- og bannerplassar

På karta under kan du sjå kvar stand- og bannerplassane ligg:

Korleis booke stand- og bannerplass

Hausten 2023 og våren 2024 har ulike måtar å bestille stand- og bannerplass på. Trykk i innhaldslista på sida for å finne den som er relevant for deg.

Rettleiingane under viser standplassar, men ein bookar bannerplass på same måte.

Booking av stand- og bannerplass gjerast under Ressursbestilling i TP

Hausten 2023

Velg «Standplasser» under «Velg sted»

Du vil nå sjå ei liste over standplassar som finst i systemet:

Etter at du har valgt standplass vil du få opp moglegheita til å velje kva for dato du ønsker å bestille. Kun dei dagane som er grå er moglege å bestille. Vel riktig dato. Du får da opp ei oversikt over kva for klokkeslett som er ledige.

Du kan kun reservere samanhengande tidspunkt.

Under kommentar skriv du inn kva/kven som skal stå/vere på stand

Når dette er gjort trykker du «Bestill»

Du får da ei bekrefting på at stand er bestilt:

Her har du óg moglegheit til å redigere bestillinga i tillegg til å slette den:

Våren 2024

Velg «Standplasser» under «Velg sted»

Du vil nå få valet mellom «Velg tidspunkt først» og «Velg ressurs først». Under visast framgangsmåten når du vel tidspunkt først, men du gjer det same viss du vel ressurs først, berre i motsett rekkjefølge.

Viss du vel tidspunkt først, får du moglegheita til å velje startdato/klokkeslett og sluttdato/klokkeslett.

Etter at du har valt tidspunkt, får du moglegheit til å velje kva for stand du ønsker å bestille.

Etter at du har valt stand, må du skrive inn ein kommentar med informasjon om kva som skal vere på standen før du kan trykke «Bestill».

Du får da ei bekrefting på at stand er bestilt:

Her har du óg moglegheit til å redigere bestillinga i tillegg til å slette den:

Kontakt

Eiendomsavdelingen: NTNU hjelp