Wikier

Taushetserklæring studenter

Fakultet for medisin og helsevitskap

Studentar ved Fakultet for medisin og helsevitskap nyttar eige skjema for taushetserklæring | Non-disclosure agreement.

Lærarutdanning

I samband med praksisopplæringa for lærarstudentar, gjeld lov om universitet og høgskular, § 4-6 om studentane si teieplikt:

”En student som i studiesammenheng får kjennskap til noens personlige forhold, har taushetsplikt etter de regler som gjelder for yrkesutøvere på vedkommende livsområde. Institusjonen skal utarbeide taushetsplikterklæring som må underskrives av de studenter dette er aktuelt for.”

For personale i barnehagar, skular og andre praksisinstitusjonar gjeld forvaltningslova §§ 13-13f. Dei same paragrafane gjeld også for studentar.

Du som er student på lærarutdanningane skal bekrefte at du er kjend med og pliktar å overholde teieplikta.

Eg forstår:

  • at eg i samband med praksis vil kunne få tilgang til informasjon som ikkje må bli kjent for uvedkommande
  • at eg som student må ta ansvar for å verne informasjon eg får kjennskap til angåande personar og praksisstadar

Eg forpliktar meg til:

  • å vise forsiktigheit i samband med alt arbeid knyta til studiet, både skriftlege arbeid og munnlege framlegg
  • å halde teieplikta i samband med sensitive opplysningar og forhold eg får kjennskap til som student ved NTNU
  • å søke råd dersom eg er usikker på om opplysningar og forhold eg får kjennskap til er underlagt teieplikt

Eg er klar over at:

  • forsettleg eller aktløyst brot på teieplikta kan medføre straffeansvar
  • teieplikta også gjeld etter endt praksis og utdanning
6106 Visninger