Wikier

Ny strategi ved SU-fakultetet

Ny strategi ved SU-fakultetet

På denne sida er informasjonen om arbeidet med å utvikle ny strategi for SU-fakultetet samla. Strategien skal gjelde for perioden frå 2026 til 2035, med revisjon etter seks år.

Siste endring: 20.02.2025.

Bakgrunn for arbeidet med nye strategiar

NTNU har starta arbeidet med å utvikle ny universitetsstrategi som skal gjelde frå 2026. Du finn meir informasjon om dette på nettsida.

Parallelt med at NTNU utviklar ny universitetsstrategi, skal fakulteta og institutta lage eigne strategiar for den kommande strategiperioden. Arbeidet med universitetsstrategien set rammer og gir føringar for struktur og innhald i fakultetsstrategien. Samstundes skal arbeidet med fakultetsstrategien gi innspel til utforminga av universitetsstrategien, slik at det blir ein vekselverknad mellom organisasjonsnivåa og ein tydeleg samanheng mellom strategiane.

Om strategiprosessen

SU leverte eit førsteutkast til ny fakultetsstrategi 1. februar 2025 som innspel til universitetsstrategien. Styret ved NTNU skal vedta universitetsstrategien i juni 2025, og SU har mål om å vedta fakultetsstrategi i oktober. I løpet av hausten 2025 skal også institutta ved SU vedta sine strategiar. Alle strategiane skal gjelde frå 1. januar 2026.

Fakultetet legg opp til ein arbeidsprosess der fakultets- og instituttstrategiane blir utforma parallelt og der nivåa gir innspel til kvarandre undervegs i arbeidet.

Strategiarbeidet gjennomføres i tre trinn:

  1. November 2024–januar 2025: Utforme førsteutkast fakultetsstrategi.
  2. Februar–juni 2025: Vidareutvikle fakultetsstrategi og utforme førsteutkast instituttstrategiar.
  3. August–desember 2025: Vidareutvikle instituttstrategiar og vedta dei nye strategiar.

Sjå denne tidslina for viktige datoar:

Organisering av strategiarbeidet ved SU

Dekan har etablert ei strategiarbeidsgruppe som har fått i oppdrag å planlegge strategiprosessen og utforme forslag til ny fakultetsstrategi. Prodekan Lennart Jølle leier arbeidet. I tillegg består arbeidsgruppa av prodekan Jesper Aagaard Petersen, instituttleiar Marte Bratseth Johansen, instituttleiar Kristin Viggen og administrativ leiar Liv Unhjem.

Kontaktperson

Har du spørsmål om prosessen med ny strategi ved SU-fakultetet? Ta gjerne kontakt med Charlotte Gaertner.

Dokumentasjon, presentasjonar og oppsummeringar frå møte og seminar

Førsteutkast til fakultetsstrategi 01.02.2025: Førsteutkast strategi SU.pdf

Fakultetsstyresak om strategiarbeidet 12.12.2024: SUS 49_24 Ny strategi for SU-fakultetet - saksframlegg.pdf

Omverds- og ståstadsanalyser:

Føringar frå rektor:

Ordskya er laga på grunnlag av dei skriftlege innspela som arbeidsgruppa har mottatt og oppsummeringar frå styreseminar, leiarseminar og administrativ fagdag.