Heilskapleg læringsstøtte - Kunnskapsbasen
Heilskapleg læringsstøtte
English version: Holistic Teaching and Learning Support
Mål for prosjektet
Prosjektet Heilskapleg læringsstøtte har målsetnad om å utforme ein samhandlingsmodell som skal sørge for at læringsstøtta på NTNU er heilskapleg på den måten at:
- den støttar opp kring alle NTNU sine mål, samt nasjonale strategiar og føringar.
- leveranse av tenester opplevast som heilskapleg for brukarane.
- det er god samhandling og semje mellom aktørar og einingar om kva deira oppgåver og ansvar er.
- tenester og kompetanse er godt kommunisert for alle målgruppene, og at alle målgrupper kan få god støtte til sitt arbeid for utdanningskvalitet.
Til saman skal dette gi auka utdanningskvalitet på NTNU og legge til rette for vidare utvikling av tenestene slik at dei møter framtida sitt behov for læringsstøtte.
Prosjektet er ein del av NTNU si utviklingsavtale med kunnskapsdepartementet 2022
Her kan du lese Delrapport fase 1 og 2.
Kvifor
Det er mange einingar og prosjekt på NTNU som bidreg til betre utdanningskvalitet. For undervisarar og leiarar kan det vere utfordrande å ha oversikt over alle, slik at dei veit kva for støtte dei kan få og kvar dei kan få den. Og for einingane kan det vere utfordrande å få trekt inn dei rette kompetansane til rett tid for å lukkast best mogeleg med å bidra til betre utdanning og læring på NTNU.
Difor er prosjektet etablert for å utvikle ein modell som gjev Heilskapleg læringsstøtte.
Mandatet til Heilskapleg læringsstøtte
Kva er læringsstøtte, og for kven?
Prosjektgruppa har utvikla ein definisjon av «læringsstøtte» som vi jobbar etter:
Undervisarane på NTNU er altså hovedmålgruppa for prosjektet. Elles vil alle som er involvert i undervisning og læring kunne nyte godt av prosjektet, så som studentar, leiarar og alle tilsette. Andre einingar og prosjekt skal og kunne få betre støtte og betre høve til å arbeide for læring når prosjektet er avslutta.
Kva gjer vi?
Her finn du ein aktivitetsplan med planlagde og gjennomførte oppgåver:
Aktivitetsplan for Heilskapleg læringsstøtte
Kven arbeider med Heilskapleg læringsstøtte?
Prosjektgruppa
Karen Johanne Buset, Universitetsbiblioteket; Miriam Urke Nesbø, IT strategi og styring; Therese Vangstad, IT forvaltning; Anette Lindi, Avd. for studieadministrasjon, Eksamensgruppa; Irma Håvoll Sætre, Avd. for studieadministrasjon, Plangruppa; Marit Svendsen, Avd. for utdanningskvalitet, Faggruppe for kvalitetsutvikling
Sekretariatet, frå Avdeling for utdanningskvalitet, Seksjon for læringsstøtte og digitale tjenester:
Silje Belsvik Taftø, prosjektleiar; Andreas Aarlott; Ole K. Solbjørg
Viss du har spørsmål, kan du sende dei til prosjektleiar silje.b.tafto@ntnu.no