Wikier

HF - Forskning og...

Forskings- og utviklingsutvalet ved Det humanistiske fakultetet

Råd og utvalg HF | Råd og utvalg NTNU

Forskings- og utviklingsutvalet (FoU-utvalet) er oppretta for leiarperioden 01.08.2021–31.07-2025 og leia av prodekan for forsking og formidling.

Mandat

FoU-utvalet er eit rådgivande organ for dekanatet i arbeidet med å nå dei strategiske utviklingsmåla innan forsking, kunst, nyskaping og formidling. Det skal òg vere med i vurderinga av søknadar til større utlysingar, som til dømes forskingstermin.

FoU-utvalet skal i tillegg vere ein arena der den faglege aktiviteten ved Det humanistiske fakultetet blir drøfta i lys av internasjonalisering, samfunnsrelevans og strategien til NTNU.

Du finn sakslister, sakspapir og referat i det digitale møterommet for utvalet.

Samansetting

Forskingsutvalet er eit representativt utval med følgjande deltakarar:

  • Prodekan for forsking og formidling (leiar)
  • Prodekan for kunst og nyskaping
  • Éin representant frå kvart institutt
  • Éin representant for midlertidige forskarstillingar
  • Éin representant for postdoktorar

Forskingsseksjonen har sekretærfunksjon for utvalet.

Medlemmar:

  • Terje Lohndal, prodekan for forsking og formidling (leiar)
  • Aurora Hoel, prodekan for kunst og nyskaping
  • May Thorseth, Institutt for filosofi og religionsvitskap
  • Jon Olav Hove, Institutt for historiske og klassiske studiar
  • Øyvind Thomassen, Institutt for moderne samfunnshistorie
  • Eva Bakøy, Institutt for kunst- og medievitskap
  • Michael Duch, Institutt for musikk
  • Eli Løfaldli, Institutt for språk og litteratur
  • Marianne Ryghaug, Institutt for tverrfaglege kulturstudiar
  • Gitte Koksvik, Institutt for filosofi og religionsvitskap (01.08.21-31.07.22, Vara: Govert Valkenburg, Institutt for tverrfaglege kulturstudiar)
  • Ida Marie Henriksen, Institutt for tverrfaglege kulturstudiar (01.08.21-31.07.22, Vara: Yvonne van Baal, Institutt for språk og litteratur)

Oppnemning

Institutta nemner opp representantane sine og foreslår kandidatar frå dei midlertidige forskarane og postdoktorane. Representantane for dei to sistnemnde gruppene blir nemnde opp av dekan for eitt år, med mogleik for forlenging.