Wikier

TOPdesk

TOPdesk - brukerveiledning

Brukerveiledning for operatører i NTNUHjelp.

Registrere ny sak

  1. Enkelt ved inngåande telefon eller i skranke
    • Menyval eller Alt+1
  2. Skriv i Notater-feltet i løpet av samtalen
  3. Søk opp personen
    • Fyll inn personnamn, eller brukarnamn i felt Påloggingsnavn…
    • Ev. treff på NTNU-person viser tidlegare saker i NTNU Hjelp
  4. Klikk på ei sak i lista, eller lag ny:
    • Notatar og innmeldar blir kopierte til ny sak

Sakshandtering

  • Ufordelte saker er «fritt vilt» når du har ledig tid
    • Ufordelte saker har Operatørgruppe lik Operatør
    • Nokre miljø har ein saksfordelarfunksjon som fordeler ufordelte saker til operatør
    • Hugs å setje deg sjølv som operatør når du startar handteringa (Alt+I, Alt+S)
  • Setje over saker til ei anna operatørgruppe
    • …i ditt eige miljø: Velg rett gruppe
    • …i eit anna miljø: Velg miljøets 1.-linjegruppe (de-eskaler først, om det er ei 2.-linjesak)
      • Spesielle operatørgrupper
        • IT 1.-linje: Om du ikkje anar kven som skal overta saka
        • NTNU Saksfjerning (skjermet): Saker med for sensitivt innhald for NTNU Hjelp
          • Gje kommentar om saka må fjernast heilt, eller om det er nok å fjerne vedlegg eller tekst
  • Overføre ei sak til handtering i anna system
    • Når ingen i NTNU Hjelp kan hjelpe, eller du veit saka har kome til feil system
    • Menyval Videresend … til annet system, oppgje e-postadressa til målsystemet
      • Vurder om du må sende med historikk, eller om det er nok med inngåande melding
      • Hugs å hake av for ev. vedlegg som skal vere med før du klikkar Send
    • Hugs å varsle innmeldar om overføringa, og avslutte saka i NTNU Hjelp
  • Når du skal sende melding i ei sak
    • Svar til registrert innmeldar (NTNU-person)
      • Skriv i den kvite meldingsruta. Gjør usynlig for innmelder må vere tom
      • Alle vedlegg i saka er synlege i portalen for innmeldaren
    • Svar til uregistrert innmeldar
      • Utan vedlegg: Som punktet over
      • Med vedlegg: Menyval Send e-post (svar vises i portal)
        • Velg vedlegg du skal ha med i e-posten til høgre i biletet
    • Svar til andre enn innmeldar
      • Menyval Send e-post (…), vurder om innmeldar skal sjå svaret
  • Oppgje aldri klassifisert informasjon i saker
    • I staden for fødselsnummer, bruk annan eintydig identifikasjon, t.d. tilsett-/student-nummer, brukarnamn, eller nettadresse for oppslag i NTNU-system
  • Intern sakskommentar, t.d. melding til neste operatør
    • Hugs å krysse av for Gjør usynlig for innmelder før lagring
  • Sjekk alltid at Status er korrekt før du lagrar
    • Venter på bruker: Når du ventar svar på meldinga du sende
    • Fullført: Når du reknar saka som løyst (innmeldaren kan likevel svare tilbake)
    • På vent / Venter på … / Utsatt til måldato: Når ei sak skal vente ei stund
  • Oppdatert/Gjenåpnet av bruker: Skift til annan verdi, elles feilar e-postvarslinga til deg

Hjelpemiddel for operatørar

Oversikt («Overview»)

  • Oversikter er lister av kort av same type
    • Dei kan vere resultat av søk, utval m.m.
    • Du har fleire slike på heimeskjermen din
    • t.d. Mine åpne saker og Oppgaver per gruppe
  • Eigenskapar
    • Klikk Filter: Endre til t.d. å vise berre opne saker
    • Endre kva felt du vil ha, og rekkjefølgja med
    • Sorter på eit felt: Klikk på overskrifta
    • Eksporter lista til Excel, menyval Mer, Eksporter
    • Eksporten lagrar alle treff, oversikter har maksgrense på 1000 (søk) eller 10000 (utval)
    • Velg kort i lista og lagre dei i ei handlekorg – Mer, Legg til…
    • Opne fleire kortfaner utan å forlate oversikta – Skift + dobbeltklikk
  • Når du opnar eit kort i ei oversikt, kan du…
    • gå fram og tilbake mellom korta i oversikta utan å gå tilbake til lista
    • Piltast-knappar eller med tastatur: Alt+← eller Alt+→

Filteroppsett for saker

  • Mest vanlege val
    • Operatør
      • T.d. vise berre saker i mine grupper
    • Behandlingsstatus
      • Ei samling av fleirestatusar under eitt namn
    • Tidsintervall
      • Viser saker oppretta i intervallet (uavhengig av når saka var endra)
    • På vent
      • Ta med eller velg bort ventande saker
  • Bruk gjerne filter saman med sortering!

Endre vising av felt i oversikter

  • Boksane øvst styrer feltlista, dei nedste styrer memofeltet (grått felt)
  • Flytt felta du vil ha med over til Synlig-boksen
    • Dobbeltklikk eitt felt
    • Velg fleire og klikk høgrepil
  • Endre rekkjefølgje
    • Velg eitt eller fleire felt, klikk opp- og ned-pil-knappane

Handlekorg («Cart»)

  • Midlertidig lagring av kort du jobbar med akkurat no
  • Det finst ei handlekorg per korttype
    • Innhaldet forsvinn når du loggar ut, eller sesjonen går ut på tid pga. inaktivitet
  • Veldig hendige når du…
    • har ei stor oversikt du vil velje nokre få kort frå for vidare arbeid, t.d. saker frå fleire grupper med eit fellestrekk
    • vil kople fleire kort samtidig til eit kort av annan type (t.d. melde mange operatørar inn i same gruppe, for admins)
  • Administrerast vha. Mer-menyen i oversikter
  • Bokmerke er også ei slags «handlekorg» (Alt+B)

Søk i operatørdelen

  • Bruk forstørringsikonet i menyen (Alt+F)
    • Nedtrekkslista: Kva korttype det skal søkjast i
    • Søkjelinja: Ordbasert søk med «noko attåt»
    • Avansert søk: Om du vil søkje på verdiar i gitte felt
      • Begynner med: Treffer på starten av kvart ord, ikkje berre feltstart

  • Tilnærmingssøk («fuzzy search») trykk Avansert søk, huk av Tilnærmingssøk
    • Gir også treff om eitt teikn manglar, eller to er bytte om
    • Slå det av ved søk på nummer, elles får du minst 100 treff…
  • Søkjelinja
    • Oppgje gjerne kriteriet med små bokstavar, du får også treff på dei store
    • Søk blir utført i alle attributt i gjeldande korttype. Jokerteikn er ? (eitt teikn) og (0 eller fleire)
    • Frasesøk med fleire ord: Sett ‘ eller " rundt. Dette slår også av tilnærmingssøk
    • Søk med boolske uttrykk. Støtte for gruppering med parantesar
      • Operatorane AND, OR, NOT() må stå med store bokstavar, AND er standardoperator
        • fugl and gås tolkast som fugl AND and AND gås, fugl AND gås tolkast som det du trur, og er nok utan ender J
      • Uttrykket blir trunkert etter 9 operasjonar
        • 1 OR 2 OR 3 OR 4 OR 5 OR 6 OR 7 OR 8 OR 9 OR 0 søkjer ikkje på 0 og ev. tekst etter det
    • Støtte for feltsøk, men då må du vite attributtnamnet i databasen
  • Vil du søkje på fleire felt samtidig? Då må du nok lage eit utval

Utval («selection»)

  • Kraftig verkty som alle kan bruke for sin eigen operatør
    • Administrator kan opne for alle
  • Definerte utval kan finnast via Instrumentbord
    • Kan leggjast til i heimeskjerm eller meny for rask tilgang
  • Kvart utval har si eiga oversikt med eige filter og feltliste
  • Utval er praktiske for…
    • ad hoc-søk, når kriteriet er for avansert for søkjelinja
    • avgrensing av datasett til bruk i rapportar, t.d. til saker i eige miljø
  • Effektiv bruk krev litt kjennskap til kva ulike felt inneheld

Tastatursnarvegar