Råd og utval ved HF - Kunnskapsbasen
Råd og utval ved HF
Her finn du oversyn over leiarforum, styringsorgan og råd ved Det humanistiske fakultetet (HF), og korleis du kan gi innspel til desse.
Se også:
Medverknad og medråderett, om kva medverknad er og korleis du kan halde deg informert og bidra aktivt til å utvikle både deg sjølv og organisasjonen.
Fakultetsleiinga
Dekanen er den øvste leiaren av fakultetet og har overordna ansvar for den faglege og administrative verksemda. Dekanen er del av den utvida leiargruppa til rektor og blir tilsett av NTNUs styre på åremål for fire år av gangen i opptil tre periodar. Prodekaner blir oppnemnt av dekanen.
Fakultetsleiinga fungerer som arbeidsutvalet til dekanen for leiing og drift av fakultetet, og møtes kvar veke. Her møter dekan, prodekanar, administrativ leiar og seksjonssjefane ved fakultetsadministrasjonen.
Fakultetsstyret er HFs øvste organ og tek avgjerder i saker av prinsipiell og overordna karakter. Styret har ansvaret for verksemda ved fakultetet.
Tilsettingsutvalet for undervisnings- og forskarstillingar
Tilsettingsutvalet for undervisnings- og forskarstillingar gjer tilsettingar i faste vitskaplege stillingar.
Tilsettingsrådet for teknisk- administrative stillingar
Tilsettingsrådet for teknisk-administrative stillingar behandlar tilsettingar og saker som omhandlar teknisk og administrativt personell.
LOSAM er lokalt samarbeidsutval ved Det humanistiske fakultetet, beståande av representantar for arbeidsgivar, verneombod og lokale fagforeiningsrepresentantar frå fagforeiningane ved NTNU. I hovudavtalen for staten med tilpassingsavtale for NTNU heiter det at medverknad skal utøvast gjennom lokale samarbeidsutval.
Instituttleiarmøtet er eit rådgivande organ for dekanen ved Det humanistiske fakultetet, beståande av instituttleiarane ved dei sju institutta ved fakultetet, dekan, prodekan for forsking, prodekan for utdanning og fakultetstillitsvalte studentar. I tillegg møter administrativ leiar ved HF. Seksjonssjefane ved fakultetsadministrasjonen møter ved behov.
Seksjonssjefar og kontorsjefar ved HF møtes månadleg med administrativ leiar i Administrativt leiarforum for å drøfte relevante saker, dele god administrativ praksis og vere pådrivarar for utvikling av relevante og effektive administrative tryggingsfunksjonar ved fakultetet.
Utdanningsutvalet ved HF er eit rådgivande organ overfor dekanen i prosessar og større saker som gjeld utdanningstilbodet til fakultetet. Det består av prodekan for utdanning (leiar), undervisningsleiarar ved kvart institutt og administrativ leiar for studieseksjonen ved fakultetet (sekretær).
Forskings- og utviklingsutvalet
FoU-utvalet er eit rådgivande organ for dekanatet i arbeidet med å nå dei strategiske utviklingsmåla innan forsking, kunst, nyskaping og formidling. Det består av prodekan for forsking og formidling (leiar), prodekan for kunst og nyskapning, ein representant frå kvart institutt, ein representant for eksternfinansierte forskarstillingar og ein representant for postdoktorar.
Programråd for dei ulike studie- og ph.d- program ved HF er rådgivande organ beståande av vitskapeleg tilsette, studentar og eventuelt eksterne representantar, og møtes vanlegvis ein eller to gongar i semesteret.
Child Pages (7)
-
Administrativt leiarforum HF
Her finn du sakskart for Administrativt leiarforum Eldre referat og sakspapir kan ein få ved førespurnad til Lillian Moen. Deltakarar i ALF-HF: Kontorsjefar: Anita Oxsaas Karlsen (IKM) Kari...
-
Councils and committees at the Faculty of Humanities - HF
Here you can find a summary of management forums, governing bodies and councils at the Faculty of Humanities (HF), and how you can provide input to them. See also: Councils and committees at NTNU...
-
Fakultetsstyret ved HF
Fakultetsstyret er Det humanistiske fakultets (HFs) øvste organ og tek avgjerder i saker av prinsipiell og overordna karakter. Fakultetsstyremøtet - sakslister og protokoll 2023 Her er lenke til...
-
Instituttleiarmøtet - HF
Siden er under arbeid Alt om råd og utvalg | Råd og utvalg ved HF Innholdsfortegnelse [-] Instituttleiarmøtet 2023 Instituttleiarmøtet blir halden høsten 2023 kvar 2. uke (oddetallsuker) frå...
-
LOSAM for HF
Møteinnkallingar, sakspapir og referatar frå Losam Møteinnkallingar, sakspapir og referatar frå Losam. Eldre referat og sakspapir kan ein få ved førespurnad til Lillian Moen. LOSAM er lokalt...
-
Råd og utvalg ved Institutt for musikk
Her finner du sammensetningen av Institutt for musikks utvidede ledergruppe, instituttets studieprogramråd og FoU-utvalg. Innholdsfortegnelse [-] Utvidet ledergruppe ved Institutt for musikk...
-
Utdanningsutvalget ved HF
Sammensetning Utvalget består av prodekan for utdanning (leder), undervisningslederne ved hvert av instituttene (eller den som instituttleder utpeker), leder av studieseksjonen ved fakultetet og...