Wikier

Koblingsmoglegheiter med eigen maskin via Dante - virtuelle lydkjelder

Kva er Dante, og kvifor skal ein bruke det? 

  • Virtuelt «patch-oppsett». Gjer at ein slepp å koble saman lydkjelder igjennom analoge kablar, men heller igjennom matrise på datamaskin.  
  • Gjer det lett å koble opp eigen PC til eit studio eller live-lyd.
  • Fjernstyring eit studio-oppsett. 
  • Bransjestandard innan lydbransjen. 
  • Systemet har ikkje merkbar latency, som gjer det bra å bruke både til innspeling og ved live-lyd. 

Kva ein treng for å få til ein oppkobling med Dante i Fjordgata

  • Dante Controller 
  • Dante Virtual Soundcard 
  • Nettkabel

Slik set ein opp Dante til eigen maskin

Ved dette eksemplet var studio K3 tatt i bruk, så rutingen som blir presentert er for K3, men kan gjerast i dei andre studioene også, så lenge ein koblar seg opp til riktig lydkort eventuelt pre-amp.

Eksempel 1: Korleis sende lyd frå eigen maskin. 

  1. Koble maskin med nettkabel via D-Link (nettverksboks). 
  2. Opne Dante Virtual Soundcard (Dante VS) på eigen maskin. Her vil ein endre maskinens lydutgang til å gå via Dante VS, så det endrer ein enten på maskinens egen digitale lydutgang eller ved lydutgangen i DAW. 
  3. Opne Dante Controller. Der vil det dukke opp koblingsmoglegheiter for både eigen maskin og studio-oppsettet i Fjordgata.
  4. Ved å opne matrisen koblar ein seg så frå eigen maskin. 
  5. Lyd frå eigen maskin (Macbook Pro) til Red8Line. Her sendast lyden frå 1 + 2  utsignalet frå macen, inn til 1 + 2 Dante inputs på Red8Line. 

Eks 1: Sende lyd frå eigen maskin (Macbook Pro) til Red8Line (pre amp). 

Motta lyd frå studio til egen maskin

I dette eksempelet sender vi lyd frå studio K3, der det er eit stereo signal som skal bli sendt til egen maskin

  1. Følg stega som er vist over
  2. Istedenfor for å ha egen maskin på "Transmitters", sett den heller som "Recivers". 
  3. Vi sendar så signal ut frå studio på kanal 29 + 30. 
  4. Vi sendar så signalet inn på innput 1 + 2 på egen maskin. 

Eks 2: Sende lyd frå studio (Red8Line) til egen maskin (Macbook Pro).