Forskings- og utviklingsutvalet - HF - Kunnskapsbasen
HF - Forskning
Forskings- og utviklingsutvalet - HF
Råd og utvalg HF | Råd og utvalg NTNU
Forskings- og utviklingsutvalet (FoU-utvalet) er oppretta for leiarperioden 01.08.2021–31.07-2025 og leia av prodekan for forsking og formidling.
Mandat
FoU-utvalet ved Det humanistiske fakultetet
- er eit rådgivande organ for dekanatet i arbeidet med å nå dei strategiske utviklingsmåla innan forsking, kunst, nyskaping og formidling.
- fungerer som forskingsetisk komité ved Det humanistiske fakultetet.
- skal vere med i vurderinga av søknadar til større utlysingar, som til dømes forskingstermin.
Du finn sakslister, sakspapir og referat i det digitale møterommet for utvalet.
Samansetting
FoU-utvalet er eit representativt utval med følgjande deltakarar:
- Prodekan for forsking og formidling (leiar)
- Prodekan for kunst og nyskaping
- Éin representant frå kvart institutt
- Éin representant for eksternfinaniserte forskarstillingar
- Éin representant for postdoktorar
Forskingsseksjonen har sekretærfunksjon for utvalet.
Medlemmar:
- Terje Lohndal, prodekan for forsking og formidling (leiar)
- May Thorseth, Institutt for filosofi og religionsvitskap
- Anne Engelst Nørgaard, Institutt for historiske og klassiske studiar
- Mats Ingulstad, Institutt for moderne samfunnshistorie
- Eva Bakøy, Institutt for kunst- og medievitskap
- Michael Duch, Institutt for musikk
- Eli Løfaldli, Institutt for språk og litteratur
- Siri Øyslebø Sørensen, Institutt for tverrfaglege kulturstudiar
- Ruth Woods, Eksternfinansiert forskar, Institutt for tverrfaglege kulturstudiar (2023/2024)
- Susann Anett Pedersen, Postdoktor, Institutt for historiske og klassiske studiar (2023/2024)
Oppnemning
Institutta nemner opp representantane sine og foreslår kandidatar frå dei eksternfinaniserte forskarane og postdoktorane. Representantane for dei to sistnemnde gruppene blir nemnde opp av dekan for eitt år, med mogleik for forlenging.