Wikier

Omsorgspermisjon ved fødsel

Her finn du informasjon om kva rettar du som far, medfar eller medmor har til permisjon i samband med fødsel.


English version: Leave for childcare in connection with birth

Temaside om permisjon | Sider merka permisjon


I samband med fødsel har du som far eller medmor rett til to vekers (ukers) permisjon for å bistå mora. Om foreldra ikkje bur saman, kan retten til permisjon bli utøvd av ein annan som bistår mora.

Du må ta ut omsorgspermisjonen i samband med fødselen og den må vere avslutta seinast 14 dagar etter at mor har komme heim frå sjukehuset.

Som hovudregel skal permisjonen takast fortløpande, men du kan òg dele han slik at du er til stades ein eller fleire dagar i samband med fødsel og så ta resten av permisjonen når barnet og mora kjem heim frå sjukehuset.

Omsorgspermisjonen kjem i tillegg til rettane du har med foreldrepermisjon.

Adoptivforeldre og fosterforeldre har rett til to vekers (ukers) permisjon når omsorg for barnet overteke. Dette gjeld ikkje ved stebarnsadopsjon eller dersom barnet er over 15 år.

Søkje om omsorgspermisjon i Selvbetjeningsportalen

Du søkjer om omsorgspermisjon i Selvbetjeningsportalen. Lever fråværssøknad og vel "Omsorg føds 2 uker m/lønn 440" som type.

Sjå rettleiing (veiledning): Søkje om fråvær (dfo.no)

Kilder og lovverk

Arbeidsmiljølova §12-3

Fellesbestemmelsenes §19 i Statens Personalhåndbok

Kontakt

Har du spørsmål om denne permisjonen? Kontakt Tenestesenteret.