HF – Midtvegsevaluering – doktorgrad - Kunnskapsbasen
HF – Midtvegsevaluering – doktorgrad
Innholdsfortegnelse [-]
Kva
Midtvegsevalueringa skal vere ein milepæl. Det er ei evaluering av arbeidet med doktorgradsprosjektet og vilkåra rundt, og skal normalt bli gjennomført mellom 15 og 18 månader etter oppstart for kandidatar med treårig doktorgradsløp. For dei med fireårig doktorgradsløp med pliktarbeid vil evalueringa normalt bli gjennomført mellom 21 og 24 månader etter oppstart. Midtvegsevalueringa er ein viktig del av den heilskaplege oppfølginga av ph.d.-kandidatane ved Det humanistiske fakultetet.
Korfor
Måla for midtvegsevalueringa er
- å gjere opp status for progresjonen i prosjektet med fokus på kva som må gjerast for å fullføre på normert tid
- å fange opp utfordringar tidleg i prosessen, for på denne måten forhindre forseinkingar og fråfall
- bli einige om tiltak som kan sikre framdrifta fram mot innlevering
Korleis
Deltakarar
- Ph.d.-kandidaten
- Hovudrettleiar
- Den aktuelle ph.d.-leiaren
- Instituttleiar for det gjeldande instituttet
- Den relevante prodekanen (for forsking eller kunst)
- For eksternt tilsette kandidatar: ein representant frå arbeidsgivar
- Ein representant frå forskingsseksjonen ved Det humanistiske fakultetet (sekretær)
Rettleiaren er til stades på mesteparten av møtet, men forlét møtet før siste del av drøftinga om rettleiing. Kandidaten og rettleiargruppa vurderer sjølve om medrettleiar(ar) skal delta på møtet. Kandidaten må då vidaresende invitasjonen til dei det gjeld.
Form
Forma for evalueringsmøtet er konstruktive diskusjonar med utgangspunkt i kandidaten sin statusrapport. Det er viktig at alle deltakarane bidrar inn i samtalen. Tidsramma for møtet er 1 time.
Prodekan leiar møtet. Kandidaten skal først gi ein kort presentasjon av prosjektet sitt (jamfør informasjonen om førebuing nedanfor), før ein i fellesskap går gjennom rapporten. Målet med møtet er å kartleggje progresjonen og sjå kva som kan gjerast for å sikre fullføring av prosjektet innanfor normert tid. Framdrifta i forhold til den opphavlege planen vil bli evaluert, og ein skal i fellesskap bli einige om ein plan for det vidare arbeidet. Status for rettleiingsforholdet er òg ein viktig del av møtet.
Oppfølging
Det blir laga ein kort rapport frå evalueringsmøtet der ein fører opp eventuelle tiltak som ein vart einige om. Alle møtedeltakarane skal signere rapporten. Rapporten blir sendt ut til alle deltakarane i etterkant av møtet og blir arkivert av fakultetet. Dei som har ansvaret for dei ulike tiltaka, samt kandidaten og rettleiar, skal informere om utviklinga seinast ved den neste framdriftsrapporteringa.
Førebuing
Statusrapport
Seinast ei veke før møtet skal kandidaten levere ein statusrapport til forskingsseksjonen. Mal for rapporten er vedlagt. Det er viktig å adressere alle punkta i malen. Omfanget på rapporten vil normalt vere 4-5 sider. Forskingsseksjonen sender rapporten til alle deltakarane i forkant av møtet. Statusrapporten vil vere grunnlaget for samtalane i møtet. Derfor vil møtet bli utsett om rapporten ikkje er tilfredsstillande utfylt og sendt inn innan fristen. Send statusrapporten med e-post til phd@hf.ntnu.no.
Dersom det har skjedd større endringar i prosjektet, bør kandidaten òg leggje ved ei oppdatert prosjektskildring.
Presentasjon av doktorgradsprosjektet
Kandidaten skal førebu ein kort presentasjon av doktorgradsprosjektet sitt. Tidsramma for presentasjonen er 5 minutt. Kandidaten vel sjølv kva form presentasjonen skal ha.
Kontaktinformasjon
Ta kontakt med forskingsseksjonen på phd@hf.ntnu.no dersom du har spørsmål om midtvegsevalueringa.