Språkvelger

English

Banner - Evaluere emne for studenter

For studentar

Evaluere emne og studieprogram

Kom med innspel til dine emner og ditt studieprogram

Symboler for aktivitetene i evalueringsprosess

Ingress temaside kvalitetssystemet

Dine innspel kan handle om alt som påverkar læringa di, både i kvart enkelt emne og i studieprogrammet som heilskap. Aktuelle tema kan vere planar, pensum, læringsaktivitetar og praksis, organisering av undervisninga, vurderingsformer, digitale læremiddel og fysiske eller sosiale forhold.

Evaluere emne

Evaluere emne

Alle emne ved NTNU blir evaluerte ved kvar gjennomføring, og du som student kan medverke i evaluering av dine emne på fleire måtar. Innspela dine hjelper oss med å gjere utdanninga endå betre år for år.  
 

Video: Bli med i referansegruppe

  • Emneansvarleg pliktar å hente inn og dokumentere tilbakemeldingar frå studentane i evalueringa. Det er emneansvarleg som vel metode for å hente inn desse tilbakemeldingane.
  • Referansegruppe er den klart mest brukte metoden for studentevaluering ved NTNU, anten åleine eller i kombinasjon med andre metodar. I menyane nedanfor finn du alt du treng å vite om referansegrupper.
  • Viss du vil vite meir om andre måtar å gje tilbakemelding på, kan du sjekke ut sida Metoder for evaluering av emne.
  • Kvart tredje år skal emneansvarleg sørgje for å hente inn tilbakemelding frå alle studentane som tek emnet.
  • Om emnet inneheld praksis, følgjer du ordninga for å gje tilbakemelding om praksisopphaldet som du får informasjon om frå kontaktpersonar i studieprogrammet ditt.

Det er emneansvarleg som vel metodar for å hente inn synspunkt frå studentane. Referansegruppe er den klart mest brukte metoden for studentevaluering ved NTNU, anten åleine eller i kombinasjon med andre metodar.  

Emneansvarleg opprettar ei referansegruppe for emnet i starten av semesteret, når ein har funne frivillige til å delta. Gruppa skal omfatte minst tre av studentane som tek emnet, og alle studieprogram skal vere representerte.  

Ta gjerne kontakt med emneansvarleg om du ikkje har høyrt om at det finst ei referansegruppe for eit emne du tek. 

Emneansvarleg brukar KASPER som arbeidsflate for kvalitetsarbeidet, og medlemmene i referansegruppa får oppretta ei gruppe i Microsoft Teams til støtte i evalueringsarbeidet.  

Video: Slik kjem du i gang med referansegruppa

 

Meir om referansegrupper:

Referansegruppa representerer heile studentgruppa og har ansvar for å diskutere gjennomføringa av emnet med resten av klassen.  

Kontaktinformasjon til referansegruppa bør leggjast ut i Blackboard eller liknande, med oppmoding om å ta kontakt om ein har forslag til forbetringar i emnet. Ta gjerne kontakt med emneansvarleg dersom du ikkje veit kven som sit i referansegruppa for ditt emne. 

Det er fleire måtar referansegruppa kan få innspel frå resten av studentane på. Til dømes kan de gjerne be faglæraren gje dykk 10–15 minutt åleine under ei forelesing til å snakke ope saman. Om de innhentar skriftlege tilbakemeldingar frå medstudentar, må de hugse å vurdere krav til datahandsaming og offentleggjering. 

Dialog med emneansvarleg 

Emneansvarleg og referansegruppe bør ha kontinuerleg dialog gjennom semesteret. Dei skal minst ha tre møte: eitt ved oppstart, eitt midtvegs og eitt når undervisninga er ferdig.  

Tema å diskutere 

Som student står du fritt til å kommentere alle forhold som har med kvaliteten på utdanninga å gjere. Du veit sjølv best kva som er viktigast for deg i dine emne. 

For NTNU er det læringsutbytet til studentane som står i sentrum. Emneansvarleg vil vere spesielt interessert i tilbakemeldingar om korleis studentane opplever læringsmåla, og om korleis læringsaktivitetar, pensum, vurderingsformer og læringsmiljø bidreg til det oppnådde læringsutbytet. Ei liste med tilrådde spørsmål finn du på Metoder for evaluering av emne.

Emneansvarleg kan òg velje å ta opp særskilde tema eller stille konkrete spørsmål til studentane og referansegruppa, til dømes som oppfølging av tidlegare evalueringar. 

Nokre forbetringar er det mogeleg for emneansvarleg å gjere i løpet av semesteret, om tilbakemeldingane kjem tidleg nok. Andre tilbakemeldingar og forbetringsforslag krev endringar i opplegg eller studieplan. Desse skal inn i rapporten som referansegruppa leverer til emneansvarleg, og brukast som underlag for seinare semester. 

Mal for rapport frå referansegruppa til emneansvarleg finn de i arbeidsflata som emneansvarleg har opprett i Teams. Dette Word-dokumentet har vegleiande punkter som hjelper dykk formulere teksten.  

Maler for rapport finner du på denne siden

Når rapporten er ferdig, helst etter gjennomført eksamen, skal den leverast til emneansvarleg. Dette gjerast òg i arbeidsflata i Teams, i fana som vert kalla «Prosesstøtte».  

Siste frist for å levere referansegrupperapport er

  • 1. september for vårsemesteret
  • 15. februar for haustsemesteret

Merk at fakultetet ditt kan ha sett eigne fristar som er tidlegare enn denne sistefristen.

Om referansegrupper for studentar – KASPER 

Konkrete skrivetips

  • Rapporten kan godt være "ueinig med seg sjølv" om det er ulike meiningar om emnet. Skriv gjerne «nokre meiner…», «fleirtalet meiner…» 
  • Hugs å skrive om vurderingsform. Skriv derfor ferdig rapporten etter eksamen. 
  • Skriv heile setningar og forståeleg for alle.  
  • Skriv heile vurderingar: "Det fungerte ikkje så godt fordi..." 
  • Hugs at læringsutbytet er i fokus. Grunngje gjerne med «læringsutbytet ville blitt større om…» 
  • Bruk gjerne mellomtitlar som: Foreleser, Læringsmiljø, Øvingsoppgåver, Vurderingsform osv. 
  • Ikkje pynt på sanninga eller bagatelliser det som har gjort emnet mindre bra. Det blir ikkje betre om det ikkje kjem frem. 
  • Understrek gjerne òg det som fungerte bra, og kvifor. 
  • Kom gjerne med konkrete forslag, som t.d. «for å gjere stoffet meir tilgjengeleg og oversiktleg kunne det hjelpt med ei generell oversikt over dei litteraturhistoriske epokane heilt først i semesteret.»  
  • Fleire øvingar, meir bruk av PowerPoint, bruk en annan vurderingsform, meir gruppeundervisning osb. er eksempel på konkrete tilbakemeldingar. Grunngje gjerne korfor tiltaka ville gjort kvaliteten i emnet betre.  
  • Hugs at referansegruppas rapport normalt skal gjerast offentleg som del av emnerapporten frå emneansvarleg. Bruk høveleg språk og unngå opplysningar som kan identifisere enkeltpersonar.

Døme på utfylte rapportar finn du i Studiekvalitetsportalen.

Du som deltar i referansegruppe gjer ein viktig jobb, og du har rett på å få ein skriftleg stadfesting på arbeidet du har gjort.

Gje beskjed til emneansvarleg, eller ta kontakt med instituttkontoret. 

Etter kva gjennomføring av eit emne, skriv emneansvarleg ein emnerapport. Tilbakemeldingar frå studentane skal vere ein del av underlaget for emnerapporten, og rapporten frå referansegruppa skal leggast ved der dette er brukt.

Kvart tredje år skal emneansvarleg innhente tilbakemeldingar frå alle studentane, og då skal dette dokumenterast med resultat av spørjeundersøking, referat frå allmøte eller liknande. 

Andre relevante kjelder i emnerapporten er til dømes læringsassistentar og andre faglærarar, sensor, studieprogramleiar og praksisvegleiar, saman med tall på karakterfordeling og fråfall. 

På bakgrunn av desse tilbakemeldingane skal emneansvarleg kome med konkrete forslag til endringar.   

Emnerapporten skal leverast til instituttleiaren, som har ansvar for å koordinere med relevante programleiarar og å vedta handlingsplan for emnet. Du kan òg oppmode emneansvarleg til å dele den endelege rapporten med studentane, til dømes i Blackboard.

Alle emnerapportar skal vere offentleg tilgjengelege. Du kan finne tidlegare emnerapportar i Studiekvalitetsportalen

Evaluere studieprogram

Evaluere studieprogram

Dei fleste emne inngår i eitt eller fleire studieprogram, som normalt leier fram mot ein bachelor- eller mastergrad. Studieprogram skal evaluerast årleg, i tillegg til ei større evaluering minimum kvart femte år.

Til å hjelpe seg i dette arbeidet har studieprogramleiaren eit studieprogramråd.

Studieprogramrådet er eit rådgjevande organ som skal bidra til heilskap, relevans og kvalitet i studieprogrammet. Studieprogramrådet skal bestå av studentar, vitskapleg tilsette og administrativt tilsette. Studieprogramrådet skal òg ha eksterne medlemmer eller sørgje for å få innspel frå eksterne på andre måtar.

Studieprogramma ved NTNU har ulik oppbygging og organisering, og det har òg konsekvensar for studieprogramråda. Studentane i studieprogramrådet blir nokre stader omtalte som programtillitsvalde (PTV) eller klassetillitsvalde (KTV), og det kan være litt ulike valordningar og ordningar for korleis dei inngår i det lokale studentdemokratiet. Ta kontakt med studentrådet på ditt fakultet for meir informasjon om kva som gjeld for ditt studieprogram.

Her kan du lese meir om mandat, oppgåver og samansetning for studieprogramråda.

Meir informasjon om korleis vi jobbar med kvalitet i studieprogram, finn du òg på hovudsida til NTNU om evaluering og utvikling av studieprogram.

I den årlege evalueringa er det den indre kvaliteten i programmet som er viktigast, og emnerapportane frå alle emna i programmet utgjer ein stor del av grunnlaget. Her kjem òg tilbakemeldingar frå studentane tydeleg fram gjennom referansegrupperapportar eller anna datainnsamling.

Den årlege gjennomgangen ser spesielt på samanheng og heilskap i studieprogrammet. Målet er å sørgje for at læringsmål, læringsaktivitetar og vurderingsformer i dei enkelte emna støttar opp om kvarandre, og at dei bidreg til det samla læringsutbytet for programmet. Læringsmiljø og eventuell praksis er òg tema som det er særleg aktuelt å vurdere på programnivå.

Med læringsmiljø meiner vi summen av faktorar som påverkar læringa di, som

  • fysisk læringsmiljø (bygningar, omgjevnader)
  • psykososialt læringsmiljø (mellommenneskelege forhold, trivsel og samhandling)
  • organisatorisk læringsmiljø (system for tilbakemelding og medverking)
  • digitalt læringsmiljø (læringsprosessar, pedagogikk og teknologi)
  • pedagogisk læringsmiljø (form, innhald og rammer for læringa)

Du finn retningslinjer som skildrer ansvar, prosess og tema for programevaluering på Retningslinjer i kvalitetssystemet.

Sjå også:

 

Minst kvart femte år skal kvart program vurderast meir heilskapleg, med spesiell vekt på korleis læringsutbytet til studentane svarar på noverande og framtidige behov for kompetanse i samfunns- og arbeidslivet.

Til å utføre slik periodisk evaluering av studieprogram opprettar dekanus eit evalueringspanel med både studentar og eksterne representantar.

Årleg og periodisk programevaluering vil vanlegvis ende opp i forslag om endringar i einskilde emne eller oppretting av nye emne. Nokre gonger vil det òg vere så store endringar at det får konsekvensar for den samla studieporteføljen ved NTNU – til dømes ved at eit program blir lagt ned og/eller eit nytt oppretta.

Du finn retningslinjer som skildrer ansvar, prosess og tema for programevaluering på Retningslinjer i kvalitetssystemet.

Årleg og periodisk programevaluering vil vanlegvis ende opp i endra beskrivingar av programinnhald og læringsutbytte, i tillegg til endringar i einskilde emne eller oppretting av nye emne.

Nokre gonger vil det òg vere så store endringar at det får konsekvensar for den samla studieporteføljen til NTNU – til dømes ved at eit program blir lagt ned og/eller eit nytt oppretta. Alle programevalueringar skal vere offentleg tilgjengelege.

Du kan finne tidlegare evalueringsrapportar i Studiekvalitetsportalen.

Utvikle studieporteføljen

Utvikle studieporteføljen

Evaluering og utvikling av emne påverkar utviklinga av studieprogramma, og endring og utvikling av studieprogram blir gjort ved å gjere endringar i dei enkelte emna. Tilsvarande fører utvikling og forbetring av emne og program til endringar i den samla studieporteføljen ved NTNU, men ein portefølje av høg internasjonal kvalitet handlar òg om strategien til NTNU og korleis vi løyser samfunnsoppdraget.

Deltaking i kvalitetsarbeidet på porteføljenivå handlar derfor om meir overordna spørsmål:

  • Kva profil skal NTNU ha som utdanningsinstitusjon?
  • Kva rammer skal vi ha for undervisning og læringsaktivitetar?
  • Korleis legg vi til rette for eit best mogleg læringsmiljø?

Studentane ved NTNU har ei klar og tydeleg stemme også på dette nivået av kvalitetsarbeidet. I tillegg til å vere representerte i dei øvste organa som styret og leiarmøtet til rektor (dekanmøtet) er studentane aktive deltakarar mellom anna i utdanningsutvalet, læringsmiljøutvalet og dei sentrale forvaltningsutvala. 

Til nokre av desse organa og utvala blir det arrangerast direkte val, og til andre er det Studenttinget ved NTNU som oppnemner. Du finn meir informasjon om korleis du delta, på sidene til Studenttinget om studentar i råd og utval.


Sjå òg: Samleside om råd og utval

Gjennom studentdemokratiet er studentane med på å utvikle NTNU som utdanningsinstitusjon.

Aktørane i studentdemokratiet arbeider for at stemma til studentane blir høyrd i alle saker som gjeld dei. Utdanningskvalitet og læringsmiljø er sentrale oppgåver, men studentdemokratiet arbeider òg med andre ting som studentane er opptekne av.

Meir informasjon finn du på temasida om studentdemokratiet.

Du finn òg god informasjon og oversikt på nettsidene til Studenttinget NTNU.
 

Video Utdanninskvalitet

 


Video: Utdanningskvalitet – kort forklart!

Dette er kvalitetssystemet

Dette er kvalitetssystemet

Kvalitetssystemet skal vere ein garanti for at  NTNU sitt studietilbod er attraktivt for studentane, og at dei som fullfører utdanninga er attraktive for arbeidsmarknaden og samfunnslivet.

NTNU sitt kvalitetssystem for utdanning skildrar måla for kvalitetssikringsarbeidet, og definerer roller, ansvar, oppgåver og oppfølgingsprosessar.

I kvalitetssystemet inngår òg retningslinjer og rettleiingar for evaluering og utvikling av utdanningskvalitet på alle nivå, saman med oversikt over verktøy og ressursar til bruk i arbeidet.

Meir om dette finn du på Utdanningskvalitet ved NTNU.

 

Kvalitet i utdanninga handlar om studentane sitt læringsutbytte. Da må vi òg setje studenten i sentrum når vi jobbar med kvalitet.

At studentane er aktive deltakarar på alle nivå, både i kvalitetssystemet og i leiinga av NTNU, er ein føresetnad for at vi skal halde fram med å utvikle oss i rett retning. 
Det same gjeld deg sjølv som student – du må òg setje ditt læringsutbytte i sentrum. Di meir engasjert du er i eigen læringssituasjon og reflekterer over kva som bidrar til å fremje din eigen læring, di betre resultat. At du deltek i evaluering og utvikling av emne og program, er difor eit gode både for deg sjølv og for NTNU.

 

 

Her finn du alt om utdanningskvalitet ved NTNU, både for studentar og tilsette.

Finn tidlegare rapportar

Læringsmiljø

Læringsmiljø

Med læringsmiljø meiner vi dei forholda som verkar inn på studentane si moglegheit til å tileigne seg kunnskap. Typiske døme er bygningar, omgjevnadar og HMS, generell helse og trivsel, moglegheit til medverking, bruk av teknologi, korleis læringsaktivitetane er utforma med meir.

Sei frå!

Sei frå!

Viss du vil seie frå om manglande kvalitet i studia dine, er referansegruppe eller emneansvarleg vanlegvis rett adresse.

Viss det ikkje finst noka referansegruppe, eller viss tilbakemeldingane ikkje blir følgde opp, kan dette reknast som eit avvik frå kvalitetssystemet. Slike avvik vil vi gjerne at du melder frå om via Sei frå-portalen