Språkvelger

English

Permisjon

Permisjon

For medarbeidarar

Permisjon

 





Kva gir ikkje rett til permisjon?

Føreseieleg (forutsigbart) fråvær, som flyttedag, planleggingsdagar i skule og barnehage, konfirmasjon og giftarmål gir vanlegvis ikkje rett til permisjon. Her bruker me feriedagar og avspasering.

Permisjon - slik søker du om permisjon

Slik søkjer du om permisjon

Du fører og søkjer om dei fleste typar fråvær i Selvbetjeningsportalen. Enkelte søknader skal sendast i NTNU Hjelp. For informasjon om korrekt type søknad, sjå informasjonssidene om dei ulike typene for permisjon.

Logg inn i Selvbetjeningsportalen  

Sjå rettleiing (veiledning) om korleis du søkjer om permisjon i Selvbetjeningsportalen (DFØ). Gjeld dei fleste fråvær 15 dagar eller meir.

Sjå rettleiing (veiledning) om korleis du søkjer om fråvær i Selvbetjeningsportalen (DFØ).  Gjeld dei fleste fråvær 0-14 dagar. 

Når du sender inn ein permisjonssøknad, går han via Tjenestesenteret for kontroll før leiaren din får han.

Ny permisjonssøknad 

DFØ har no lansert ny søknad om permisjon i Selvbetjeningsportalen. For deg som tilsett betyr det først og fremst at søknaden får nytt utsjåande. For leiarar betyr det at dei vil ha to innkorger for permisjonar i overgangen frå 3. april til 15. mai 2024. Sjå meir info i melding på Innsida.