Språkvelger

English

Banner - Ferie

Ferie

For medarbeidarar

Ferie - administrere din ferie

Alle tilsette må registrere ferie

Alle arbeidstakarar har rett og plikt til å avvikle ferie. Det gjeld for både teknisk-administrativ og vitskapleg (vitenskapelig) tilsette. 


1.mai er fristen for å registrere hovudferien din i Selvbetjeningsportalen

Restferie skal registrerast før midten av november. Påminning blir lagd som melding til alle tilsette på Innsida. I tillegg blir det sendt automatisk påminningar frå Selvbetjeningsportalen 1. april til tilsette som ikkje har registrert ferie, og 1. september til tilsette som har meir enn 15 betalte feriedagar igjen.

Registrer ferie | Slik registrerer du ferie (DFØ)

Etter at du har avklart ferien med leiaren din, registrerer du feriedagene i Selvbetjeningsportalen ved å sende ein fråværssøknad. Fraværssøknaden går direkte til din leiar. 


Endre registrert ferie | Slik endrer du ferie (DFØ)

I samråd med leiaren din, kan du endre ferie som du allereie har registrert eller leggje til meir gjennom heile året. Det gjer du ved å slette uønskt ferie og søkje om ny ferie i det same skjemaet i Selvbetjeningsportalen.


Overfør ferie | Reglar for overføringSlik søkjer du om overføring av ferie (DFØ)

Du kan søkje i Selvbetjeningsportalen om å få overført inntil 14 feriedagar til neste år. Frist er 15. november kvart år. Du kan òg endra søknad om overført ferie (innan den første veka i januar). Søknaden går via Tjenestesenteret før han blir motteken av leiaren din.


Søk forskot på ferie | Reglar for forskot på ferie

Du kan søkje om å få ta ut inntil 10 feriedagar ferie på forskot innan 15. november kvart år i NTNU Hjelp. Du må ha tent opp dagane (2,08 pr månad) før du kan ta dei ut på forskot.


Fråværsmarkering

Ferie: høyre spalte

Feriepenger

Utbetales den 12. juni kvart år uansett når du tek ut ferien. Feriepengar - utbetaling og utrekning

Spørsmål og svar om ferie

Kva gjeld for meg som:

Spørsmål om ferie?

  • For avklaringar om avvikling av ferie, kontakt din næraste leiar.  
  • For generelle spørsmål om ferie, kontakt Tenestesenteret.

For leiarar og administrasjon

Leiarar vil få tilsendt varslar frå DFØ 

  • 1.mai dersom tilsette har meir enn 60 % igjen av tildelte feriedagar
  • 15.oktober sendes varsel til leiar dersom du har tilsette med meir enn 15 betalte feriedagar