Wikier

Studentdemokratiet

Gjennom studentdemokratiet kan studentar vere med på å utvikle NTNU som utdanningsinstitusjon og arbeide for å gjere studentane si stemme høyrd i saker som gjeld fagleg kvalitet på studia, campus, tilrettelegging, læringsmiljø og liknande.


In English: Get involved in student government


Kva gjer studentdemokratiet ved NTNU?

  • Studentane ved NTNU skal ha minst 20 % representasjon i alle råd og utval som vedtar saker som vedkjem studentane. Studentane kan fremme sine synspunkt gjennom dei studenttillitsvalde, som tar seg av studentane sine rettigheiter. Studenttinget (STi) er det øvste demokratiske studentorganet ved NTNU. STi jobbar opp mot leiinga og bidrar til utviklinga av NTNU som utdanningsinstitusjon på sentralt nivå. STi støttar studenttillitsvalde på alle nivå. Les om kva Studenttinget meiner og arbeider med.
  • Studentparlamenta er stadlege studentdemokrati med lokalt ansvar i Ålesund og Gjøvik.
  • Kvart fakultet har sitt tilhøyrande studentråd som jobbar opp mot sitt fakultet og sine institutt.
  • Forvaltningsutvala for sivilingeniør, ingeniør og lektor er organiserte under rektor. Utvala skal ta seg av den tverrfakultære koordineringa og kvalitetsutviklinga for ingeniør-, sivilingeniør- og lektorutdanningane.
  • NTNU ved studentdemokratiet har konsulentar med ansvar for dagleg administrativ drift av det lokale studentdemokratiet i alle tre studiebyer.

Kva for oppgåver har studenttillitsvalde?

Programtillitsvalde (PTV)

  • Sit i studieprogramråda.
  • Studieprogramrådet er eit rådgivande organ som skal bidra i arbeidet med utvikling av kvaliteten i studieprogrammet.
  • Tar seg av studentane sine interesser på studieprogramnivå.
  • Blir valde av studentar på studieprogrammet.

Instituttillitsvalde (ITV)

  • Sit i alle organ ved instituttet som arbeider med studietilbod og læringsmiljø.
  • Sit i instituttstyret, -rådet og i utvida leiarmøte.
  • Er knytte til studentrådet ved fakultetet.
  • Jobbar med problemstillingar knytte til verksemda på instituttnivå.
  • Blir normalt valde ved elektronisk val av og blant studentane ved instituttet.

Fakultetstillitsvalde (FTV)

  • Sit i alle organ ved fakultetet som arbeider med studietilbod og læringsmiljø.
  • Sit i råd og utval, leiargruppa ved fakultetet og i fakultetsstyret.
  • Leiar studentråda ved fakulteta.
  • Jobbar med problemstillingar knytte til verksemda på fakultetet.
  • Opprettheld kommunikasjonen med Studenttinget.
  • Blir valde ved elektronisk val av og blant studentane ved fakultetet.

Studentparlamenta

  • Er knutepunkt for studenttillitsvalde i Gjøvik og Ålesund.
  • Studentparlamentet i Ålesund (SPÅ) består av 6 faste representantar som blir valde kvart år. I tillegg sit det ein ITV frå kvart institutt. Arbeidsutvalet (AU) består av 6 medlemmar.
  • Studentparlamentet i Gjøvik (SPG) består av ITV frå kvart institutt og arbeidsutvalet.
  • Tillitsvalde er med på møte med institutta, og arbeidsutvalet vårt møter lokal leiing. Saman er vi med på å vidareutvikle studiekvardagen.
  • Blir valde ved elektronisk val.

Medlemmane av Studenttinget

Arbeidsutvalet ved Studenttinget

  • arbeider på heiltid for studentane ved NTNU
  • blir valt av Studenttinget for 1 år av gangen
  • blir valt blant alle studentar ved NTNU

Medlemmane i universitetsstyret

  • To av elleve medlemmar i NTNU-styret er studentar. Dei blir valde av studentane ved NTNU gjennom NTNUs valgweb og studentane i universitetsstyret arbeider på heiltid saman med arbeidsutvalet i Studenttinget.
  • Styret ved universitetet tar dei overordna avgjerdene ved NTNU.
  • Samansettinga av universitetsstyret er regulert av universitets- og høyskoleloven.

Vil du stille til val for eit verv?

For å høyre om det er ledige verv, kva som blir kravd for å stille til val, og korleis du stiller:

Studenttinget har ansvar for alle studentval på styre- og rektornivå. Korleis studentrepresentantane blir valde, står beskrive i §10 i NTNUs valreglement.

Sjå også:

Slik finn du informasjon om verksemda til studentdemokratiet